Antipoder

(Essay, 1996, utdrag)

Ikkje utanom Aasen,
men over den
NYNORSK SOM LITTERATURSPRÅK
 
Prosa er linje, poesi er punkt, seier poeten Jan Erik Vold på sitt puraste bokmål i "kykelipi". Og tekst er flate, vil eg sjølv legga til, på breitt nynorsk.
    I mitt eige forfattarskap har eg alltid vore ein tekstens mann. Kombineringa av dei 29 typografiske skriftteikna på den kvite papirflata har alltid vore lydbandet der eg har spelt inn tekstene mine, og trykkemaskinen høgtalaren som røysta mi har larma gjennom.
    På denne bakgrunnen er det med bange anelser eg materialiserer meg utenfor teksten og stiller på årsmøtet i litteraturselskapet Det Norske Samlaget, ja attpå til stig opp på denne talarstolen der det gjennom åra har blitt målbore så mange fullenda retoriske praktstykke og demonstrert så mykje nynorsk veltalenhet. Eller kanskje elokvensvil vera eit betre norsk ord enn det vederstyggeleg danske veltalenhet? I alle høve mange av våre motstandarar vil hevda det, at nynorsk ligg latin nærare enn dansk, ikkje minst på grunn av dei to førstnemnde begge er døde, medan dansk er eit livs levande språk.
    La meg derfor ta til med å seia - så får forsamlinga ta det som ei orsaking eller som noko anna - men la meg først som sist så fast:
    Eg er ikkje nynorskmann
    Eg er ikkje nynorskforfattar
    Eg er norsk forfattar.
    Så er det sagt.
Likevel har eg, som i alle høve dei forlagtilsette i salen vil vita, skrive ei rekkje bøker på nynorsk. Sant å seia er det det einaste norske språket eg har lært, og det einaste eg har brukt skriftleg. Og eg har sagt ja til å seia nokre ord her i dag om nynorsk som litteraturspråk.
    Alt tittel og tema for dette foredraget er eigna til å setta tankar i sving.
    Nynorsk som litteraturmål, jaha.
    Krev dikting på dette språket refleksjon og rettferdiggjering av eit slag som liknande aktivitetar på andre språk klarer seg godt forutan?
    Kan vi tenka oss at John le Carré talar på årsmøtet eller generalforsamlinga til forlaget Hodder & Stoughton i London om engelsk som litterturspråk? At Øystein Lønn underheld Gyldendals styre og tilsette med sine synspunkt på bokmål som litteraturspråk? Norsk som litteraturspråk? Dansk? Svensk?
    Lite truleg.
    Men altså nynorsk. Litteratur på nynorsk kan det på ein eller annan måte stillast spørsmål ved.
    Vi kan til dømes stilla oss opp framfor bokhylla og stilla spørsmålet der. Vi kan til og med samla heile den nynorske prosalitteraturen framfor oss. Mange hyllemeter blir det ikkje utav det, trass i iherdig innsats frå ikkje minst Garborg og Uppdal og Vesaas. Lyrikken skrøyver heller ikkje så det gjer noko. Sakprosaen, endå mindre.
    Men der står altså blomen av den nynorske kulturreising, med ryggen til, som svarberg. Og det gir svar på spørsmålet vårt. Ikkje noko oppmuntrande svar. Det er ikkje mykje. Av omfang er den nynorske litteraturen lite å skrøyta av. Ein kan kjenna seg liten og einsam og sjå mørkt på det av meir enn det.
    Sjå mørkt på det er det då også mange som gjer. Bortsett frå bokhandlarane, den aller trongaste ideologiske flaskehalsen i norsk litteraturformidling, veit eg ikkje om nokon som ser så mørkt på det som ein god nynorskmann. Aldri er eg så sikker på at det var eit alvorleg feilgrep dette med nynorsk og landsmål og slikt som etter å ha blitt konversert av ein skikkeleg målmann, som alltid manglar både Aftenpost og Dagblad og Jon Michelet. Om ungdommen og særleg mellomgenerasjonen og kriminallitteratur på nynorsk og pornografi og barnebøker og Nat King Cole (som er namnet på den aller nyaste rockestjerna frå Amerika) og arbeidarklassen og overklassen og nå må til og med bøndene reklamera for melka si på engelsk for å få folk til å kjøpa den.
    Milk is a better drink.
    Mitt utgangspunkt og tilnærmingsmåte når eg skal snakka nynorsk og nynorsk litteraturmål er det stikk motsette av denne pessimismen. Eg meiner at det går godt. Det går godt nok. Det spørst om det bør gå betre. Norsk som litteraturspråk står sterkt. Og føresetnaden for det er at nynorsk litterturspråk står sterkt.
 

Frå Kjartan Fløgstad: Antipoder. Gyldendal 1996. Side 20-22.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.