Samtidsruinar

(Sakprosa, 2009, utdrag)

EG LEITAR ETTER den gamle kyrkjegarden i skogen. Eg har vore her før, men hugsar det berre som eit bilde; eit stort velta tre over ein forlaten kyrkjegard. Eg hugsar det som musikk, som klokkespel og pikkolofløyte i Bent Sørensens Deserted Churchyard, men eg hugsar ikkje vegen som førte meg dit - og her er ingen skilt.
Men det skulle då vere her ein stad?
Eg kjører fram og tilbake på Valen, og på eit av strekka må eg stoppe for ein svær bøling kyr, som stirer dumt inn i bilen når dei passerer meg. Eg stirer noko trassig tilbake. Kva er det med desse dyra? Kvifor får dei deg til å føle at det er du som oppfører deg rart? Som om det er du som er malplassert på vegen, og ikkje dei.
Eg kjører ned ein bakke, eg kjører opp ein bakke, men nei. Ikkje her! Kyrkjegarden låg definitivt ikkje på noka høgd. Eg forstår når eg kjører feil, men klarer likevel ikkje å kjøre rett. Til slutt må eg be dama på butikken om hjelp. Ho seier at eg skal ta til høgre før den store oransje løa der det står Ekly. Der går det ein traktorveg ned til kyrkjegarden, seier ho. Men vegen er berre gras, ikkje spor etter verken traktor eller folk som steller graver. Det er heller ikkje spor etter alle gravfølgja som har gått i nesten hundre år langs vegen her. Men det var vel ikkje rare følgja, og sjeldnare og sjeldnare kom dei.

28. OKTOBER I 1910 kom den første båten med psykiatriske pasientar inn Høylandssundet til Valen. Nokre av dei var så dårlige at dei blei transporterte lig-gande i kassar frå asylet i Bergen. Folk frå bygda stod på kaia og såg dette komme. Frå no kunne ingenting lenger bli det same. Frå å vere ei rolig lita jordbruksbygd blei Valen heimstaden til 530 psykiatriske pasientar på det meste. Dei gamle hugsar enno synet av skrikande pasientar som hang på gjerdet i luftegarden, og pasientar på tur langs vegane har vore eit vanlig syn for alle som har budd her. Dei aller fleste har kjent pasientar og mange har hatt dei hos seg i pleie. 11935 blei asylet til sjukehus, og frå 1995 fekk pasientar som av sosiale årsaker hadde budd heile livet sitt her, pleietilbod i heimkommunen. I dag fungerer institusjonen mest som akuttmottak med nokre langtidspasientar.
Sist eg var på Valen snakka eg med butikkeigar Rigmor Tofte, som midt i samtalen måtte vende ansiktet mot fjorden. Alle desse lagnadene og sorgene. Alt ho hadde sett og hørt! Fleire gonger hadde ho saman med far sin henta pasientar opp frå fjorden, som i ein mørk -eller lys - augneblink hadde gjort slutt på det heile.
Bygdefolket forstod dette då dei første båtane med pasientar kom inn sundet ein oktoberdag i 1910: Frå no måtte dei leve saman med dei galne, det fekk så vere, men i døden ville dei vere i fred frå dei. Dei ville ikkje bli gravlagte saman med pasientane. Derfor fekk Valen sjukehus sin eigen kyrkjegard allereie same året som sjukehuset starta drifta.

EG GÅR LENGER INN I SKOGEN til eg ser ei klokke. Eit klokketårn i skogen. Framleis ikkje noko forklarande skilt, berre denne klokka på høge, mosegrodde bein. Og like bortanfor, ei inngjerding. Her er det visst. Her er det! Eg løftar handa til ansiktet og dekker munnen med handflata. Eg må stoppe det som vil ut, ein lyd, eller er det kvalme? Hjarta slår nokre doble slag då eg går gjennom porten til gravlunden.
For dette er ein gravlund. Sjølv om det berre står ei og anna oppreist gravstøtte her, kanskje fire til saman. Elles er det berre flate steinar som ligg i graset, nokre med namn, fødselsdato og dødsdato, men ikkje noko meir. Ikkje noko kvil i fred, ikkje noko høgt var du elska, djupt blir du sakna. Ingen blomar, ingen kransar, ingen lys, ingenting. Kanskje eitt og anna Gjemt, men ikke glemt på eit par av dei meir forseggjorte steinane. Eg pressar handa hardare mot munnen.
Eg ser at nokon prøver å halde kyrkjegarden ved like, men steinane er tilgrodde. Eg må sette meg på huk framfor kvar og ein av dei og røske vekk graset for å sjå. Her ligg Margit Petrine Veka, død 5. oktober 1974. Eg røskar meir gras bort og ser at her ligg Johanna L. Djønne, død 1927. Eg riv og røskar, og finn steinen til Judith, Agnes, Harry og Aslak, men kvifor er det så mange steinar utan namn? Kvifor er steinane tause? Visste dei ikkje kva pasientane heitte? Var det ikkje pengar til inskripsjon? Eller betyr det noko anna? Eg forstår ikkje dette systemet.
Seinare får eg høre at det finst eit system, ein protokoll og eit kart, som viser nøyaktig kven som ligg her, og kvar dei ligg. Då det kom ei kvinne hit på leit etter grava til mor si, var det derfor lett å finne den.
Kvinna var berre nokre få år gammal då mora døydde som pasient på sjukehuset. Som vaksen bestemte ho seg ein dag for å reise heile vegen frå Oslo til Valen for å finne grava.
Det finst ulike reiser eit menneske må gjere i livet sitt, frå ein stad til ein annan, frå ein tilstand til ein annan. Då kvinna kom fram til staden der mor hennar hadde levd og døydd utan henne, fekk ho sett ned ein skikkelig stein til henne. Ei siste og kanskje første helsing frå dotter til mor: Eg gir deg denne steinen.

114 MENN OG 75 KVINNER ligg i den jorda eg står på. Tanken på alle desse får meg til å ville flytte meg, flytte vekta av kroppen min, lenger opp, lenger ned, lenger bort, og eg spør meg sjølv kva i all verda eg gjer her. Kva vil eg? Kva rett har eg til å komme hit? Forstår eg ikkje alvoret? Så mange som 50 menneske blei gravlagte her i løpet av dei tjue første åra. Kor skulle dei elles bli gravlagte?

Eg løftar blikket, er det nokon der? Nei, det er visst berre meg og suset frå elva, ja, og alle desse døde. Er eg morbid som berre valsar inn hit - inn i skogen - frå ei anna tid, frå ein annan stad? Trudde eg at eg ville oppleve noko, at denne staden hadde noko den ville seie meg? Og kva trudde eg at eg kunne forstå? Det blir sagt at pleiarane fekk eit karakteristisk drag i ansiktet etter fleire år i teneste på sjukehuset her. Forstår eg dette?


__________________________________________________________________ 

Frå Marit Eikemo: Samtidsruinar. Samlaget 2009. Side 49-54.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2016.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
___________________________________________________________________