Mellom oss sagt

(Roman, 2006, utdrag)

4

Det er grenser for kor galen ein søndag kan bli: Eg kan alltids berre stikke innom eit hus. Folk har forskjellige ting dei driv på med. Eg går på visingar. Eg kokar meg kaffi og blar gjennom alle dei nye bustadsannonsane. I ei god veke kan eg få med meg tre interessante visingar i løpet av ein søndag. Eg var ikkje sikker på om dette var ei god veke, men eg hadde funne dette vesle vindskeive huset i Sandviken i ein privat annonse. Det stod ei dame i døra då eg kom, ho kan ha vore rundt femti år. Ho var ikkje ein av meklarane og ville selje huset sitt sjølv. Det er jo lov å prøve seg, tenkte eg.
 — Er du åleine? spurte ho då eg kom. Eg syntes det var eit overkant påtrengande spørsmål og ville ikkje svare. 
Men dama ville ikkje gi seg.
— Ja, eg berre spør fordi eg sjølv har budd her åleine og synes det har vore eit veldig bra hus for meg å bu i, som einsleg.
Eg såg på henne. Eg såg meg sjølv om tjue år.
— Men no har eg treft ein mann — og vi skal flytte saman i huset hans på Krokeide. Det ville blitt litt trongt for oss å bu her, sa ho.
— Eg har også nettopp treft ein mann, då er kanskje ikkje dette huset for oss, sa eg.
— Joooo, det kan det jo vere, sa dama: — Det spørs kva de er vane med.
Eg smilte overberande og gjekk rett inni heimen hennar.
Eg er ikkje ute etter å kjøpe noko. Eg berre likar å gå inn i framande hus som nokon har bestemt seg for å flytte frå. Eller nokon har døydd frå. Etter fleire års trening kan eg gå rett inn kvar som helst og ta innover meg kva stemning huset er i. Eg ser det på detaljane, på speglane, på leikene til ungane og dei gamle kjolane som heng i garderobeskapet. Eg ser det på dei gule lappane på kjøleskapet, på golvlistene og på blomstervasane og plasseringa av tv og stereobenk: Kva slags radio har dei? Kva slags plate står i spelaren? Kva slags lys kjem ut av lampene? Korleis er lyspunkta plasserte i forhold til kvarandre? Eg vurderer sjeldan eit hus ut frå estetiske normer. Alle kan sjå om eit hus er fint eller stygt, om det er minimalistisk eller maksimalistisk, kven bryr seg? Det krev noko ekstra å kartlegge husetes stemning. Dersom heile huset står tomt, er det ekstra utfordrande. Då ser eg berre på dei handverksmessige detaljane og trekker mine slutningar på bakgrunn av det eg ser. Dei kallar det finishen, men eg veit ikkje, eg. Når er eit hus ferdig? Er det ferdig når alle rom er pussa opp? Første, andre eller tredje gong? Er eit hus ferdig når det blir tatt i bruk for aller første gong, når snikkaren seier at det er ferdig? Dei fleste vere einig i at det er mykje å gjere med eit hus etter at  snikkaren har gjort sitt. Han har til dømes ikkje hengt opp krokar på badet, eller persienner på soverommet.  

Huset er kanskje ferdig mår eigarane bestemmer seg for å selje? Eller når dei døyr. Då skal andre ta det i bruk og begynne på nytt igjen. Nye fliser på badet, male gangen, tapetsere stua, rive det jævla brystpanelet. Det er tidspunktet som interesserer meg. Kva gjer det med eit hus at noko flyttar før dei har lista ferdig barnerommet? Eit bad der dorullhengaren aldri kom på plass før folk flytta ut. Eller at ingenting er blitt gjort dei siste tretti åra? Og når det blir arrangert vising, ligg det ein stokk på senga til den som eigde huset? Det er mange gongar berre den døde kroppen som manglar for at visinga skal fungere som eit komplett likskue.
Er huset ferdig når veggane har hørt så mange opprivande kranglar og så mykje sår hulking at det ikkje kan bere meir? Nokon nye må ta over, fylle romma med nytt håp og nye drømmar, elles ramlar alt frå kvarandre. Er eit hus ferdig når alt er perfekt, når den som budde der, har lagt all omsorg i kvar minste detalj, kanskje i løpet av mange, mange år, berre for å oppdage at ein likevel er heilt åleine når arbeidet er gjort? Er det derfor det er så mange tipp topp leiligheter til sals for tida? Folk blir ferdige med dei og har ikkje lenger noko der å gjere?

___________________________________________________________________

Frå Marit Eikemo: Mellom oss sagt. Samlaget 2006. Side 34-36.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2016.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
____________________________________________________________________