Visdomen

(Dikt, 1883)

Av Ingvar Bøhn

 

Og er de sannt, som dei segjer, mange:

all Visdom skal du av Bøker fange,

og Bonden, stakkar, hev ingi Tru,

etter dei lærde lyt han seg snu *)?

 

De var vel eingong i Tier gamle,

daa mun dei gruna og Kunskap samle;

og der gjekk Gjetor um Visdom stor -

de gløymest aldri paa denne Jor.

 

Der enn vel grodde so laak ei Lukka;

i Tvang og Trældom laut Folke sukka.

- Men Himmelvisdom i Stova arm

slo ut sin Blome, - daa læktest Barm.

 

Der sto den underleg Stri paa Jori:

for Sver daa sungo dei sæle Ori.

Dei vise hædde, dei sterke slo,

dei vilde sløkkja den Eld me Blo.

 

De store Under: alt meir han gløer,

te fleir som tapar, te fleir som bløer;

de store Under: den veike vinn,

og bøygjast maatte de stolte Sinn.

 

De store Under - so er han runnen,

den høge Visdom, av laage Grunnen;

og arm og rike fekk same Rang

og lagdest Brør i Gud Faers Fang.

 

So hev de vore, so skal de vera,

Guds Vegjer underleg til min bera:

de store Ljose gav han dei smaa',

de vetle let han dei vise faa.

 

*) Som "Erasmus Montanus" segjer: "Slige Folk har ingen Tro; de maa tro, hvad jeg og andre (lærde) Folk siger."

 

Frå Fedraheimen. 17de Marts 1883. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad