Unge Sveinen

(Dikt, 1883)

(Av Ingvar Bøhn)

 

"No hev eg fare baad' Land og Strand,

rie og sumti gjengje;

men fagrare Viv og vænare Møy,

de hev eg inkje set paa lengje."

 

(Gjenta svarar:)

"I djupan Dal og i grønan Li,

der feller so fager ei Fer.

Stormen han ryt, og Skuggen fell;

men um du no lyster der?"

 

(Guten:)

"Og sæl er den, som deg maa faa, -

der skiner baad' Land og Strand.

De veslaste Krype han elska maa,

som fylgdest me deg i Hand."

 

Der blømde alle Soleiar ikring,

dei trodde i Kyrkja inn.

Dei sto i Draumen, som paa de saag;

de lyste av Blomekinn.

 

Og dei gjekk ut og dei gjekk inn;

de Vive vart lagt paa Baar.

Sveinen sat stirde i svartan Mold;

der kom 'kje i Auga Taar.

 

Sveinen stirde me bleike Kinn,

han saag inkje Dag held Nott.

"Armast er du paa denne Jor,

som heve i Draumom aatt."

 

* * *

 

Han rike Jon og so hans Viv,

vreie Ori dei skifte.

(Ho:) "Den yngste av vaare Døtter tolv,

kvi fekk ho so laak ei Gifte?"

 

(Mannen svarar:)

"E've so heve du burtgift,

dei ynskte seg under Jor.

Du førde baad' Gull og Sylv i Skrin,

der voks' aldri Sæla stor."

 

* * *

 

Sveinen - daa saag han imote Sol:

"Statt upp, um enn du er arm!

Armare den, som i Gulle v'ar,

men aldri fekk elska seg varm.

 

Statt upp, um saart uti Bringunne skjelv!

- De græter i Nor og Sø;

de græter so vondt i den lange Nott,

enn dei tottest i Fagnaen trø!"

 

Han møtte Syndi, han møtte Suti,

og Stakaren vesall og arm.

De ringaste Krype paa denne Jor,

han lagde de ve sin Barm.

 

"De spelar ei Hind, de leikar i Løynd

i Mannahugen med Glea.

Og heve du høyrt, den Harpa let,

so lære du dei aa kvea!

 

Høg er Himlen! Ein Morgo væn

av svartaste Notti renn.

Trur du vel han, som gjorde deg rik,

at han eig ikkje Gaavor enn?"

 

Frå Fedraheimen. 17de November 1883. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad