Pillargurileiken

(Dikt, 1921)

(Til tonen slik dei spelar han i Sell)

Av Ingvar Bøhn

 

Store bror i brynja blå
rei seg ut i veri vie:
«Gull og borger vinner eg deg!
Ingen, som tord’ stande for meg!»
Hildeborg hans unge brur -
augo var som sol i lie.

Møtte honom litle svein -
vilde seg vel undan tukka:
«Eg er liten, du er stor -
alt me her eg gjenger på jor,
slær eg for mit arme liv;
Gud han rår for sigren og lukka.

Store bror me sine menn -
uppi heii fall dei daue.
Ligg dei der for ulv og ramn;
ingen spurde deira namn.
Hildeborg i jomfrubur -
gret ho sine augo raue.

 

 


Frå Ingvar Bøhn: Norske songar og visor. Utgjevne med ei livsskildring av bokskrivaren ved Anton Aure. Risør: Forlagt av Erik Gunleiksom 1921. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad