Paa skog og engjar snøen fell

(Dikt, 1902)

Av Ingvar Bøhn

 

Paa skog og engjar snøen fell,

og kaldt det er der ute.

Men vesle fuglen synger lel

og siter paa vaar rute.

Han syng so fint: "Gjev tid, gjev tid!"

og rister med smaa vengjom;

"gjev tid, so vert det grønt i lid,

og blomen sprett paa engjom."

Gjev tid, og snart so vænt eit liv

i landet fram skal bløma!

gjev tid, til Herren solskin gjev,

so skal full' vetren røma.

 

Frå Lesebok for folkeskulen ved Andreas Austlid. Fyrste bandet. Alb Cammermeyers Forlag, Kristiania 1902. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad