Normanns-song

(Dikt, 1921)

Av Ingvar Bøhn

I djupe dalar og grøne lider,
å der er fagert um sumartider,
når soli lett yver åsen stig
og jonsoknotti som draumen sig.

På høge hamrar er vænt å gange
og sjå nedfyre dei bygder mange!
Eg kann 'kje gløyma den glitre-fjord,
når kyrkjebåtann' um morgon ror.

Eg kann 'kje gløyme dei bjørkelundar,
der eg hev sprungje som barn innunder,
den litle stova i grøne vang,
der mor hev tekje meg tidt i fang.

Og ætter gingo, og her dei hyste,
og kjærleik grodde av smil, som lyste;
og der hev runne so mang ei tår,
som gull hev blanda i arven vår.

Frå dei som, endå me sol seg gøymde,
dei sterke draumar um Balder drøymde,
og dei, som stridde, og dei, som kva,
og han, som blødde ve Stiklasta;

til dei, som tunge sin stigen tródde,
og ingen spurde, og ingen gådde,
og arv til sonen var sterke arm
og yver sengi hans bøni varm.

Men enn i liom skal vårsol renne,
og tankar varme i hugen brenne;
og der skal bløme, når vænt i grend;
Guds freen byggjer hjå frie menn.

For de, som sukkar um veri vie
og bryt og stormar i harm og kvie,
skal blitt seg løyse av Jesu glans
og fridom flette for honom krans.


Frå Ingvar Bøhn; Norske songar og visor. Utgjevne med ei livsskildring av bokskrivaren ved Anton Aure. Risør: Forlagt av Erik Gunleikson 1921. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad