No kjem bonden! (Målstrævarmars)

(Dikt, 1921)

Av Ingvar Bøhn

 

D'er tungt å so staura i bakkarne,

ja i bakkarne!

Og skulde du set

so forbaska ein mars!

D'er fram eit fet

og so tvau tilbars!

Men vinner du upp kleivi, so lakkar det!

Hurra! hurra!

Ja målmannsstrien - å den var trå,

å ja den var trå!

For folkje frå vangen,

dei gjekk i sin sull.

dei høyrde 'kje klangen

av klåraste gull!

Men no vaknar dei og undrast og lyer på!

Hurra! hurra!

No munar de fram! no klårar de,

ja no klårar de;

for måle i munnen

var løynlege lagt;

upp gror de av grunnen

me live i pakt.

Då finner dei gullstrenger! Då vårar de!

Hurra! hurra!

Snart gjeng de som slåttar i lundarne,

ja i lundarne.

Og so skal dei kvea

og undra seg enn, -

ja titra av glea

me tårerne renn,

og standa som i draumen og blundande,

Hurra! hurra!

De leikar i løynd! De svingar seg,

ja de svingar seg!

Kvart liv, som der hyser

i grend og i dal

- småaugo dei lyser

i tusundetal,

når kring "soga"*) dei sit lyer og dei ringar seg!

Hurra! hurra!

Då veks der me visdom i dalarne,

ja i dalarne!

Som brøer dei sviver

båd' liten og stor,

um bøker dei skriver,

held bryter dei jor;

og normanns mål de klinger i høgsalarne!

Hurra! hurra!

Du sigle vel må, me børen blæs,

ja me børen blæs!

Til arbeids då gange,

kvar syster og bror!

"Dei små og dei mange!"

de vere vårt ord,

og: "Normenn rå i Norig frå fjell til nes!

Hurra! Hurra!"

---

*) og det slet inkje berre kring Noregs soga, men gjerne allermest kring bibelsoga, fortald på moers mål.

 

Frå Ingvar Bøhn: Norske songar og visor. Utgjevne med ei livsskildring av bokskrivaren ved Anton Aure. Risør: Forlagt av Erik Gunleiksom 1921. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad