Kvite skyer

(Dikt, 1883)

Av Ingvar Bøhn

 

Og Skyi blenkjer, og Himlen blaaar -

de er de vænaste Syn, du skoar;

me Skyer kvite den Himmel blaa -

d'er den, du saag i din Barndom paa.

 

D'er den, som yver din Leiken straala,

og dine Draumar me Solskin maala.

Din Barnahimmel og Moers Smil -

daa Reinleik anda kring Hugen vil.

 

No er du vaksen, du vesle Guten, -

aa ja! du gløymde vel av paa Sluten,

kor væn han lyste, den Himmel blaa,

der du sprang sæl millom Blomar smaa.

 

Du gløymde - daa du vart "klok", du arme -:

den beste Ridom er Hjarta varme.

Og store Garar og Hest og Fe

var de, du drøymde og stuka me.

 

Aa sjaa der upp i dei ljose Lier!

Ver sæl igjen som i Barndoms Tier!

So klaar ei Lukka du drøymde daa,

som Skyi kvitar paa Himlen blaa.

 

Du alt saag lyse av Sol og Dagen

og inn du skodde i Edens-Hagen.

Aa lær deg lengta som Borni smaa!

Aa sjaa der inn i den Himmel blaa!

 

Frå Fedraheimen. 12te Mai 1883. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad