I djupe dalar og grøne lider

(Dikt, 1902)

Av Ingvar Bøhn

 

I djupe dalar og grøne lider,

aa der er fagert um sumar-tider,

naar soli lett yver aasen stig

og jonsok-natti som draumen sig.

Paa høge hamrar er vænt aa ganga

og sjaa nedfyre dei bygder mange!

Eg kann kje gløyma den glitrefjord,

naar kyrkjebaatann um morgon ror.

Eg kann kje gløyma dei bjørkelundar,

der eg hev sprunge som barn innunder,

den litle stova i grøne vang,

der mor hev teke meg tidt i fang.

 

Frå Lesebok for folkeskulen ved Andreas Austlid. Fyrste bandet. Alb. Cammermeyers Forlag, Kristiania 1902. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad