Farvel

(Dikt, 1921)

(Etter Ingemann)

Av Ingvar Bøhn

«Farvel» de feller so tungt å kvea,
«velkomen» helsar Me me største glea.
Men dei, Me hava af hjarta kjær,
um langt ifrå oss, er dei endå nær.

Og vener skiljast og smil må fara,
og augo må ’kje meir augo svara;
men enn i løyndom dei på oss ser,
og smilen for oss i draumom fer.

Giv ungdom leve i alderdomen
som morgon atte i kvelden komen!
Og kvart «farvel», som i Gud er sagt,
eit vænt «velkomen» han i hev lagt.


Frå Ingvar Bøhn: Norske songar og visor. Utgjevne med ei livsskildring av bokskrivaren ved Anton Aure. Risør: Forlagt av Erik Gunleiksom 1921. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad

 


 

 

 


Frå Ingvar Bøhn: Norske songar og visor. Utgjevne med ei livsskildring av bokskrivaren ved Anton Aure. Risør: Forlagt av Erik Gunleiksom 1921. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad