Elskhugsstemna

(Dikt, 1921)

Av Ingvar Bøhn

 

(Etter ei dansk folkevisa)

Han: De munde so nylega regna,

og de dryper av tre og av runn;

vind og stein, furugrein hev deg rive,

dei hev slite di kåpa isund.

Ho: Um det regnar og snor,

um det stormar av nor,

uti hugen so leikar dine or.

Han: Eg kan sjå, de på augom so klåre

at du nyst gjekk og tårorne gret;

regn og vind, sorg i sind, gråt i auga -

du som heve den hugen so lett!

Ho: Kvar den tåra som fall

og so fagnaen all

heve du do åleine uti vald.

Han: Kor du gjeng, på din veg vil eg breia

kvar ein blom, kvart eit angande blad;

fugl på grein, kvar og ein, vil eg bea

skulo kveda og kvittra deg gla.

Ho: Lat deim anga for vind,

lat deim syngja i lind,

vist dei inkje kan svæva mitt sinn.

Han: Men imorgon når soli ho stiger,

fyre moer di bøni eg ber,

og eg be henne bli, som det høver;

fær eg vera deg sonen so kjær?

Ho: Sjå det ljosnar i li,

vinden leikar so bli;

du skal vera min ven i allan ti.

 

Frå Ingvar Bøhn: Norske songar og visor. Utgjevne med ei livsskildring av bokskrivaren ved Anton Aure. Risør: Forlagt av Erik Gunleiksom 1921. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad