Draumlokk

(Dikt, 1921)

Av Ingvar Bøhn

 

Tone: Kari og Mari statt up no. Lind. fjeldmel. 479.

 

Rosor og blomar,

sol i li,

leika vi

sumarsti.

Fuglar i eng

og gull på veng,

gjenta ho læt i stuten.

Veks ei lind

yver sjo;

spring ei hind

uppå mo, -

oho! eg syng, sa' guten.

Langt aust under Glomberg-skrine

der siter ei jomfru inne

og græter, -

no vil eg fara

til Jutulsæter

og inkje spara,

han heiter Jøklebrå.

Å visste eg berre, kå fuglen song

Titi, titi!

De tuslar i li -

langt, langt burt i skogen so myrk ein kveld!

Kjem sorgi,

kjem syndi;

Gud hjølpe deg for din eigen hug!

Å der som aldri sol gjeng ne, -

der leikar dei og kve,

og der drøymdest eg!

Late den horpa låte!

Gud han rår,

der skiner av all den vår!

Oho! oho!

 

Frå Ingvar Bøhn: Norske songar og visor. Utgjevne med ei livsskildring av bokskrivaren ved Anton Aure. Risør: Forlagt av Erik Gunleiksom 1921. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad