De løynlege lande

(Dikt, 1921)

Av Ingvar Bøhn

Tone: Vãrmelandsvisa  

Og alt um du liver, du åtte vel og
den heimen, som rosor mun ringa;
og faer og moer i famnen du låg, -
i skogen du songen let klinga.
Og vist kan du minnast den dagen full klår,
de lyste ikring deg som vænaste vår.
Og sæla hev rørt ve di bringa.

Livs-strau en, som høgt ihjå mann og hjå møy
kan bylgja i barmen, du kjende.
Då vakna den lengsel, som aldri kan døy;
og inn i din hugen seg brende:
til liv, som kan gå som den brusande foss,
so skapa oss Gud, og so unner han oss, -
ja sæla forutan all ende.

Men fagna forgjeng, og de bleikna di kinn,
de myrkna ikring deg du totte;
i synd og i suter du veiva deg inn;
du misste de dyrast du åtte.
Me tåror dei tippa, du vende frå jor
ditt lengtande auga, for aldri her gror
den sæla, som drøyma du måtte.

Me gråt og me glea so gjeng de for mann.
Men alt som dei bylgjor mun drive,
der blenkjer inn til den forunderleg strand,
der Gud oss ein hiem vilde give.
For best du kan leika mot himmelen klår
og gråta for gulle i saknaen vår,
du gror til de evige live!


Frå Ingvar Bøhn: Norske songar og visor. Utgjevne med ei livsskildring av bokskrivaren ved Anton Aure. Risør: Forlagt av Erik Gunleiksom 1921. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad