Balder [II]

(Dikt, 1921)

Av Ingvar Bøhn

 

Tone: Hr. Ole han tjente i kongens gård.

 

Og heve du høyrt um den underleg draum,

som stilt uti hugen hev gjenge,

me tierne vendest og rann som ein straum.

Du kunde vel lye so lengje.

Ja Balder var fager, som dagen er ny,

og Breidablik borgi den ljose;

de lyste um jor, og de glødde i sky.

Der grodde me lilje og rose.

Og alt, som var syndigt og ureint og stygt,

de stokk for dei strålarne klåre;

men Åsgård og Mannheimen kvilte seg trygt,

der bei inkje sut elder tåre.

Som gull er hans or, skiler strien i hast,

og sæla um strenderne sviver.

Då seig han på bår. Men i gråten de brast,

i himmel og jor de som liver.

De gret både æser og mannen i mold,

de gret både bjørkjer og lindar

og fuglen og fisken og steinar og stål,

de gret både skyer og vindar.

De gittra i engje dei tårerne so,

småsymrurne bøygde seg under;

so gret dei for Balder, dei græter enno

um sumar ve jonsokestunder.

Me lierne blømer og jordi stend brur,

og alt uti glansen må skine,

ligg tår yver skog, yver engjar og ur;

og stundom de gjeng deg som hine.

Når alting i fagraste sumar seg klæ'r,

og songen i lundarne læter,

og vænleik ikring um deg armarne slær,

og doggi av blomarne græter;

då bivrar i hugen, - du undrar deg på -

og andlite gøymer i hender:

i sælaste stunder so gråta du må

for fagna, som aldri seg endar.

 

Frå Ingvar Bøhn; Norske songar og visor. Utgjevne med ei livsskildring av bokskrivaren ved Anton Aure. Risør: Forlagt av Erik Gunleikson 1921. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad