Balder [I]

(Dikt, 1885)

Av Ingvar Bøhn

 

Og Balder var fager som dagen er ny,

og Breidablik borgi den ljose;

det lyste um jord, og det glødde i sky.

Der grodde med lilje og rose.

Og alt som var syndigt og ureint og stygt,

det stokk for dei straalarne klaare;

og Aasgard og mannheimen kvilde seg trygt,

der beid ikkje sut elder taare.

Hans ord er som gull, skiler striden i hast,

og sæla um strenderne sviver.

Daa seig han paa baar. Men i graaten det brast,

i himmel og jord det som liver.

Dei gret baade æser og mannen i mold,

dei gret baade bjørker og lindar

og fuglen og fisken og steinar og staal,

det gret baade skyer og vindar.

Det glitrad i engi dei taarerne so,

smaasymrurne bøygde seg under;

so gret dei for Balder, dei græte enno

um sumar ved jonsokestunder.

Med' liderne blømer og jordi stend brur,

og alt uti glansen maa skina,

ligg taar yver skog, yver engjer og urd;

og stundom det gjeng deg som hine.

Naar allting i fagraste sumar seg klæ'r,

og songen i lundarne læt'e,

og vænleik ikring um deg armarne slær,

og doggi av blomarne græt'e;

daa bivrar i hugen, - du undrar deg paa -

og andlitet gøymer i hendar:

i sælaste stunder so graata du maa

for fagnad, som aldri seg endar.

 

Frå Lesebok i det norske folkemaal for høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Kristiania: Forlagt av Huseby & Co. limit. 1885. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad