9. I Edens sæle Sumar

Av Elias Blix

(Tone: O Jesu for din Pine.)
 
I Edens sæle Sumar
Eit Tre av Rotom rann,
Og fram av kvar ein Kumar
Sprang evigt Liv fyr alle Mann.
 
So Treet stod i Hagen
I Livsens rike Blom
Alt til den myrke Dagen,
Daa Ormen inn i Eden kom.
 
Daa Herren Vegen stengde,
Som gjekk til Livsens Tre,
Og Dauden inn seg trengde
Fraa Mannen ned til minste Fe.
 
So Verdi Treet misste,
Det vardt ei lenger spurt,
Og Ingen Staden visste;
For Eden kvarv fraa Jordi burt.
 
Men Livet, Verdi vantad,
Ei evig burte var;
For Herren atter plantad
Paa Jord ein Livsens Aldegard.
 
Or Kristi Grav er runnet
Det Tre paa herleg Vis,
Og Livet atter funnet,
Som døydde ut i Paradis.
 
Det med si Kruna skygger
So vida yver Jord.
Og Reid i Greinom bygger
Dei Fuglar smaa i Sud og Nord.
 
Det stend med evig Trygge,
Er fredlyst ved Guds Ord;
Og Gud er Sol og Skygge,
Og Anden fell som Dogg til Jord.
 
Det stend, um alle Stormar
For fram og mot det fall.
Og aldri Eiterormar
Den dyre Frugt forgifta skal.
 
Det stend imillom Graver,
Men ned fraa kvar ein Knupp
Dei raude Druvor laver,
Som vekkja Liv av Daude upp.
 
So bløma Daudens Hagar
Som Eden fyrr i Aust,
Og Herrens Aaker lagar
Seg til ein herleg Livsens Haust.
 
Ein Engel Treet gjæter
Med Sverdet gjort av Eld
Men inn kvar Syndar læter,
Som seg i Tru til Jesum held.
 
Men den som fyrst fekk smaka
Den Druva, Treet ber,
Han lengtar ei tilbaka,
Han liva vil og døya der.
 
So bløm med evig æra,
Du Tre fraa Golgata!
I Paradis me læra
At lova deg, Halleluja!