8. Er her Nokon, som vil høyra

Av Elias Blix

(Tone: Nu velan, vær frisk tilmode).

 

Er her Nokon, som vil høyra

Største Under, kjent paa Jord,

Kom daa hit og laan ditt Øyra

Til det store Englaord:

"Jesus er ei lenger her,

Han or Grav uppstaden er.

Kvi vil de i Graver aude

Søkja Livet millom Daude?"

 

Ja det var eit Herrens Under

Utan Like under Sol.

Verdi laag i djupast Blunder,

Yver Graver Hanen gol:

Sjaa daa rann or Livsens Os

Ut ein Straum av Liv og Ljos.

Daudens Engel Sverdet vender,

Daa Guds Son av Daude stender.

 

Var vaar Frelsar ei uppstaden,

Tom og faafengd Trui var;

Syndesaaret, Hjartaskaden

Utan Botevon me bar;

Jesu Namn og Kristendom

Var som Gravi aud og tom,

Utan Fred og utan Sæla;

Utan Von me maatte fæla.

 

 

Men no vardt han Fyrstegrøda

Utav deim, som sovnad av:

No skal me i Herrens Løda

Eingong sankast or vaar Grav.

No hev Dauden mist sin Brodd,

Helvite sin Eiter-Odd.

No er Dauden gløypt til Siger,

Livet fram or Gravi stiger.

 

Alle Mann, som kunna vakna,

Kom og gakk til Jesu Grav!

Alle Mann, som Livet sakna,

Kom og drikk or Livsens Hav!

Kom derut med Bøn og Tru,

Og med Fred du heim skal snu.

Alle, som i Myrker sukka,

Her kann finna Ljos og Lukka.

Red. merk.: I Nokre Salmar II står salmen under overskrifta "Paaske".


Frå Elias Blix: Nokre Salmar, gamle og nye II. Christiania 1870. Forlagt av det norske Samlaget. Trykt hjaa H. E. Larsen. Side 21-22. Elektronisk utgåve 2003 ved Anders Aschim