7. Upp, Hjarta! rør din beste Streng

Av Elias Blix

(Tone: Af Høiheden oprunden er.)

 

Upp, Hjarta! rør din beste Streng,

So Tonen rein til Himmels gjeng

Og Songen rett kann laata

Til Æra fyr den Sigersmann,

Som veldug yver Dauden vann

Og løyste Livsens Gaata!

Han av  Si Grav

Sprengde Stenget;

Fyrehenget

Sunder rivnad,

Og dei Daude atter livnad.

 

Du Livsens Fyrste, Jesu Krist!

Du er uppstaden sant og visst

Og sedd av mange Brøder.

Me lova høgt di store Daad.

No vita me fyr Dauden Raad:

Vaart Banesaar du grøder.

Du slær  Hans Her,

Som med Velde

Verdi felde.

Sjaa den Sterke

Viker fyr ditt Sigersmerke!

 

Som Kornet einslegt døyr i Mold

Men sidan gror med mange Foll,

So gav du herleg Groder:

Ein Her av Brøder utan Tal

Ved deg or Gravom ganga skal,

Vaar fyrstefødde Broder!

Daa ber  Guds Her

Fram eit Kvæde

Fyr det Sæde

Utan Like,

Som no blømer i Guds Rike.

 

So fell meg, Daude, med din Sigd!

Eg er til Livsens Vokster vigd

Og etter Mogning stundar.

Eg gjeng i Gravi utan Graat:

No læt der inne Englalaat,

Usegjelege Lundar.

Den Song  Ein Gong,

Naar all Fagnad

Her er tagnad,

Mot meg klinger

Sælt som naar til Helg det ringer.

 

Fraa Herrens Grav ein Straale klaar

No tindrar inn i Saali vaar.

Sjaa Kristus fyr oss lyser!

Mitt Hjarta, fyrr ein Gravstad tom,

Er no Guds Hus og Heilagdom,

For no Guds Son det hyser.

Fly Natt!  Og statt

Upp du Daude!

I det aude

Hjartat klaarnar

Myrkret upp til ljose Mornar.

 

Den Dag, han vann det store Slag,

Er fyr Guds Folk ein heilag Dag,

Daa me vaar Frelsar dyrka.

Du sæle Dag av Herren gjord!

Graa deg gjeng ut det Livsens Ord,

Som viger Helg og Vyrka.

Lat meg  Paa deg,

Paaske-Under!

Alle Stunder

Tru og vona,

Og deg prisa fyr Guds Throna!

Red. merk.: I Nokre Salmar II står salmen under overskrifta "Paaske".


Frå Elias Blix: Nokre Salmar, gamle og nye II. Christiania 1870. Forlagt av det norske Samlaget. Trykt hjaa H. E. Larsen. Side 18-20. Elektronisk utgåve 2003 ved Anders Aschim