24. Undarlege Ting me sjaa

Av Elias Blix

(Tone: Saligheden er os nær).

 

Undarlege Ting me sjaa.

Sælt det Auga og det Øyra,

Som dei Ting kann sjaa og høyra

Og i Sanning kjenna faa!

Herren yver Himmerike

Er i Tenars Skapnad send.

Som vaar Broder og vaar Like

Synleg fyr vaar Tru han stend.

 

Det, som i Guds Hjarta laag,

Det, som ingen Skapning gaadde,

Det, som ingen Tanke naadde,

Det, som klaarast Syn ei saag,

Det, som ingen Vismann visste,

Det, som ingen Klok kom paa, -

Opendagad paa det Sidste

Gud fyr sine arme Smaa.

 

Her eg ser eit Visdoms Djup,

Som ei Englar med kann raada;

Den, som ned i det vil skoda,

Svimrar som paa bratte Stup,

Ser ein skylaus Kjærleik stiga

Fram or svarte Sky av Harm,

Ser Guds Fred og Sæla siga

Ned i fredlaus Syndarbarm!
 

Kristi Dag, som Abraham

Glad i Tru langt burte helsad

Og ved denne Tru vardt frelsad,

Fyr vaart Auga klaar steig fram;

Dagen med den store Lovnad,

Som Profetar stundad paa;

Men i Herren inn dei sovnad,

Fyrr dei fingo Dagen sjaa.

 

Konungen, som David kvad

Herleg um i sine Songar,

Kongen yver alle Kongar

Er no fødd i Davids Stad;

Sit no evig paa si Throna

Ved Gud Faders høgre Hand.

Heidningar paa honom vona,

Syng hans Lov um alle Land.

 

Gudlaus Drottning foor at sjaa

Salamon i all hans Pryda

Og hans djupe Visdom lyda

Full av Lov og Undring paa.

Her er større Ting at læra,

Her er meir enn Salamon,

Her er Herren til Guds Æra,

Her er Guds og Davids Son.

 

Enno lyser Dagen blid

Full av Sanning og av Naade.

Kom daa alle Mann og skode

Ljoset her i Naadens Tid!

Lat oss paa Guds Time vara:

No han kallar, lyd og høyr!

Seg med Jakob: eg vil fara

Av og sjaa deg, fyrr eg døyr!


Red. merk.: I Nokre Salmar II står salmen under overskrifta "Sæle ero dei Augo, som sjaa det, de sjaa". (Luk. 10,23.24).


Frå Elias Blix: Nokre Salmar, gamle og nye II. Christiania 1870. Forlagt av det norske Samlaget. Trykt hjaa H. E. Larsen. Side 54-56. Elektronisk utgåve 2003 ved Anders Aschim