23. Ein Saknad saar eg heve røynt
Av Elias Blix
Ein Saknad saar eg heve røynt: Eg einsam gjeng i Villa. Kor er daa Livet audt og turt, Naar du, min Gud, vil ganga burt! Mitt Hjarta lid so illa, Du eine kann det stilla!
Du stend i myrke Skuggar duld. For millom oss mi Synd og Skuld Som tette Sky seg sankar. Der ser eg i eit Myrker ut, Som fyller meg med Hjartasut. Daa gruvar eg og ankar I trøystelause Tankar.
Eg stirer ut i aude Rom Og høyrer berre Toreljom Og ville Stormar dura. Eg er som vesle Fugl paa Kvist, Som hev den trugne Maken mist Og einsleg no maa kura Og full av Saknad stura.
Eg er den arme Hjorten lik, Som døyande av Torste skrik, Men inkje finn ei Kjelda. Eg er den ville Vandringsmann, Som daude-trøytt ei finna kann Ein Stad, der han kann tjelda, Men maa i Villmark kvelda.
Som Vaktmann stundar etter Dag Og teler trutt kvart Klokkeslag, So stundar eg og gjæter. Og Timar lida ein um Senn Men upp fyr meg ei Ljoset renn. Og Taara Augat væter Dei lange, lange Næter.
Du Livsens Stjerna, Frelsar min! Renn upp og klaara Syn og Sinn Fyr Naadens Samanhenge. Kor lenge skal i Syrgeskrud Eg eine sitja, utan Gud, Og Hugen staa i Stenge! Aa Herre Gud, kor lenge!
Daa tindrad gjenom Taaresky Fram fyr mi Syn ei Dagning ny. Og medan Skuggar myrke I lange Rader undan drog, Det let: "Min Naade er deg nog! Veikt er ditt eiget Yrke, Eg vera vil din Styrke!"
Daa fekk eg Syn paa Jesum Krist, Daa fann eg det, eg hadde mist, Daa rann min Morgonrode. No er mitt Liv som solklaar Dag, No ser eg Herrens Andlitslag I Kjærleik og i Naade Og gløymer all min Vaade.
Red. merk.: I Nokre Salmar II står salmen under overskrifta "Saknad". Frå Elias Blix: Nokre Salmar, gamle og nye II. Christiania 1870. Forlagt av det norske Samlaget. Trykt hjaa H. E. Larsen. Side 51-53. Elektronisk utgåve 2003 ved Anders Aschim | |
Nokre salmar, andre heftet
1. Fraa Himmeln høgt me koma her
2. Or Høgdi ned i Verdi skin
3. I denne søte Joletid
4. Den fagraste Rosa er funni
5. Sjaa no vil Jesus draga
6. Ver helsat, Hovud høge
7. Upp, Hjarta! rør din beste Streng
8. Er her Nokon, som vil høyra
9. I Edens sæle Sumar
10. Statt upp, mit Hjarta, gjer deg klaar
11. Fraa Himmelen Guds Ande for
12. Far utor
13. Den Naud og Trengsla, som eg lid
14. Guds Ord det er eit heilagt Sverd
15. Guds Ord det er vaart Ervegods
16. Paa Gud aaleine
17. Til Gud eg lyfter Augat mitt
18. Herre Jesu Krist
19. Kor fager skal Guds Kyrkja staa
20. Eg gjeng i Faare, kvar eg gjeng
21. Min Gud! kor vis er all din Veg
22. Min Heimstad i det Høge er
24. Undarlege Ting me sjaa
25. Seg, kvar skulde me vel ganga
26. Ver glad, mi Saal! og far med Fred
27. Dauden gjenom Verdi gjeng