17. Til Gud eg lyfter Augat mitt

Av Elias Blix

(Tone: Fader vor udi Himmerig).

 

Til Gud eg lyfter Augat mitt,

Naar eg i Sorg og Trengsla sit.

Naar all mi Hugga burte er,

Til Gud mi Bøn um Hjelp eg ber.

Eg trur paa honom trøysteleg.

Han kann og vil nog verja meg.

 

På myken Styrke, Magt og Stand,

Paa Rikdom, Vit og Vinahand

Vil Verdi jamnan stydja seg,

Men eg til Gud vil halda meg.

Han skapte Himmel, Hav og Jord,

Han aldri sviker i sitt Ord. 

 

Hald fast ved Gud, so stend du rett,

Og inkje Foten undan glett,

Deg Krossen ei fraa Guds skal snu,

Men styrkja deg i Von og Tru.

Gud helder deg paa Sannings Veg,

So fri og uskadd fram du dreg.

 

Den Gud, som vaktar deg so vel,

Som vaker yver Israel,

Han slumrar aldri nokor Tid

Og søv ei medan Natti lid;

Hans Auga opet alltid er,

Ser til, du ingen Skade fær.

 

Den Herre er din Frelsarmann.

Og det, som her du verka kann

I Jesu Namn uti ditt Kall,

Han fremja og velsigna skal,

Og under Skuggen av hans Veng

Du fri og utan Faare gjeng.

 

Her er du paa den tronge Veg,

Men Herren trufast fylgjer deg;

Alt Vondt, som her deg møta maa,

Det vil han sjølv deg venda fraa.

Skal du daa røyna Sukk og Graat,

Den vender Gud til Gledelaat!

 

Og skal du lida Sorg og Naud,

Um so det varer til din Daud',

Det daa ein fager Ende fær,

Din Daude Gud til Bate gjer.

Han verja vil di Saal so vel,

At du kann døy i honom sæl.

 

Naar du gjeng ut, naar du gjeng inn

Med Gud fyr Auga og i Sinn,

So kann du vandra trygg og glad

I alle Stunder, allan Stad;

For Herren er din Frelsar blid

Og hjelper deg til evig Tid.

 

(Etter Hans Thomessøn).

Red. merk.: I Nokre Salmar II står salmen under overskrifta "Tillit til Gud".


Frå Elias Blix: Nokre Salmar, gamle og nye II. Christiania 1870. Forlagt av det norske Samlaget. Trykt hjaa H. E. Larsen. Side 39-41. Elektronisk utgåve 2003 ved Anders Aschim