13. Den Naud og Trengsla, som eg lid

Av Elias Blix
 
(Tone:Om Himmerig vi tale vil.)
Den Naud og Trengsla, som eg lid,
So lenge Kyrkja er i Strid,
Den skal eg fulla gløyma,
Naar eg med alle Helge kved
Ein Sigersong i evig Fred,
Og Tonar fram skal strøyma,
Som Ingen her kann drøyma!
 
Min Klædnad tvær min Frelsar blid
Uti sitt Blod i Naadens Tid,
Di vil han og meg giva
Den lange kvite Klædnad paa,
Den Dag eg skal hans Andlit sjaa
Og lik Guds Englar liva
Og um hans Throna sviva.
 
Der fær eg fyrst i Hender rett
Den Sigerspalmen, som er sett
Til stor Triumf og æra
Fyr Sigren, som min Frelsar god
Meg her let vinna ved sitt Blod.
Det skal mi Sæla vera
Det Sigersteikn at bera!
 
Der skal eg fyr den Frelsegjerd,
Som ved Guds Lamb meg lagad er,
Gud Fader æra segja.
Guds Englar med meg kveda vil
Og leggja Ja og Amen til
Med reint usegleg Fegja,
og Songen aldri tegja.
 
Mitt Hjarta fullt av Lengsla er
Og stundar saart i Trengsla her,
Min Jesu, til den æra,
Daa Heilage forutan Tal
Deg lova i den ljose Sal.
Naar skal eg med faa vera
Den Lovsong fram at bera!
 
Der Motgang, Møda, Sorg og Sut
I Himmerike skal faa Slut
Og inkje vera kjende.
Der verd mi Taara turkad av.
So gjeng eg hugheil i mi Grav
Fraa Heimsens laage Lende
Og fær so sæl ein Ende.
 


Red. merk.: I Nokre Salmar II står salmen under overskrifta ”Den sigrande kyrkja”.