Vaart fedreland

(Dikt, 1914)

Av Elias Blix

Du land som lyfter ditt hovud bratt
fraa Ishavet upp med din kvite hatt,
med høge fjell, der fossar fell
og storknar i stupp og til jøklar svell,
med hav som stormande syng um strand, –
med elskar deg, fagre fedreland.

Du sit som dronning i høgsæt-stol
med lysande aasyn i midnattsol,
so frid og fin i kvite lin
naar nordlyset leikar i lokken din,
naar fjellet gyller i kveldraud brand, –
me elskar deg, fagre fedreland.

Du land som fedrarne vann med frægd,
og bygde oss heimar i lid og lægd,
der enno stend so kjær og kjend
vaar ættgard i hævd i den gamle grend,
du land som dreg med so dyre band,
me elskar deg, fagre fedreland.

Dei gjæve fedrar i arv oss gav
eit gjetord som liver ut-yver ggrav,
ei soga stor der kjærleik gror
av minnet um hugstore far og mor.
Du land der fedrarne vyrdnad vann,
me elskar deg, fagre fedreland.

Og det dei saadde paa heimleg grunn,
i soga og songar i folkemunn,
det enno gror i Norigs jord,
i norsklynde tankar og norske ord.
Du fosterjord for vaar folke-and,
me elskar deg, fagre fedreland.

Det nordmanns-namn som i arv me tok,
me atter skriv i vaar sogebok,
med dugleg daad og rettvis raad,
som set for komande tider saad.
Naar so me ærar vaart nordmannsstand,
me elskar deg, fagre fedreland.



Frå Lesebok for folkeskulen ved Nordahl Rolfsen og Bernt Støylen. Ny utgåva. Fjorde bandet (landsmaalsutgåva). Kristiania, Dybwad 1914. Elektronisk utgåve 2001 vedJon Grepstad