Vaar sol og skjold

(Salme, 1885)

Av Elias Blix


Vaar sol og skjold og styrke
er Gud vaar frelsar blid.
Og kjem so tider myrke
og stundom storm og strid:
den sol gjeng aldri under,
um dagen sloknar her;
den skjold gjeng aldri sunder,
kor hard enn striden er.

Naar Gud sitt andlit gøymer,
er alt ikring meg svart.
Og sorgi paa meg strøymer,
og hjartat kvider hardt.
Men naar so ljoset bleiknar,
og myrker um meg slær,
og armen sig og veiknar,
daa stend min Frelsar nær.

Naar harmen heitast brenner
og sender ljon paa ljon,
Guds sæle fred eg kjenner
og vinner atter von.
Naar striden stend i loge,
daa bryter naaden ny
som sol i vederboge
igjenom svarte sky.

 


Frå Lesebok i det norske folkemaal for høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Kristiania, Huseby 1885. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad