Vår Gud han er så fast ei borg

(Salme, 1869)

Av Martin Luther, til norsk ved Elias Blix

Vår Gud han er så fast ei borg,
han er vår skjold og verja.
Han hjelper oss i all den sorg
som hjarta her vil herja.
Vår gamle fiend gram
med ålvor no fer fram.
Stor makt og mangfald list,
det er hans våpen visst,
på jord er ei hans like.


Med eigi makt me inkje vann,
det fekk ein usæl ende.
Men med oss gjeng den rette mann
som Herren sjølv oss sende.
Hans namn det veit du visst:
Han heiter Jesus Krist,
den hovding for Guds her,
som eine Frelsar er,
han slaget visst må vinna.

Om verdi full av djevlar var
som ville reint oss glupa,
me ingen otte i oss bar;
dei skulle alle stupa!
Og fyrsten for den her,
kor arg han og seg gjær,
oss inkje skada kan;
han er ein dauddømd mann,
eit ord kan honom fella.

Og ordet skal dei lata stå
og berre vantakk finna.
Med oss er Gud, og visst me må
ved Andens gåva vinna.
Og taka dei vårt liv,
gods, æra, born og viv,
lat fara alt, lat gå!
Dei vinna ei endå,
Guds rike vårt skal vera.


Frå Mads Berg: Skulesongbok, 1966. Tysk original 1529, til dansknorsk ved Magnus Brostrup Landstad 1855, til nynorsk ved Elias Blix i Nokre Salmar, 1869. Melodi: Martin Luther. Elektronisk utgåve 2002 ved Nynorsk kultursentrum