Tenk paa Gud i ungdoms aar

(Salme, 1906)

Av Elias Blix
 
Aa tenk paa Gud i ungdoms aar!
All vokster god maa gro um vaar,
um han skal grøda gìva.
So lat daa Gud ditt hjarta faa
fraa ungdom og til alder graa!
Daa vert det lyst aa lìva.

Aa tenk paa Gud i ungdoms aar,
naar voni lyser væn og klaar
som vaar i ljose lundar!
Naar hjarteliv som blomen sprett
og seg for ljoset opnar lett
og etter kjærleik stundar.
 
Ja tenk paa Gud i ungdoms aar,
fyrr deg dei vonde dagar naar,
som du maa ille lika!
Der kjem ein kveld so kald og skùm,
daa vert det tungt aa venda um
og fraa det vonde vika.
 
So tru paa Gud naar du er ung,
fyrr du vert gamall, trøytt og tung,
og sorger hjarta fyller!
For trui adlar ungdoms aar,
gjev kruna gjæv til graae haar
og deim med rettferd gyller.
 
Gud, lat daa bløma i kvar bygd
ein ungdom rik paa tru og dygd,
og lær deim Kristi lydnad!
Og lat so alle gamle faa
den gode alders kruna paa,
den kristne rettferds prydnad!
 

Frå Læsestykker paa landsmaal ved Nordahl Rolfsen og Bernt Støylen. Tillæg til Nordahl Rolfsens læsebog for folkeskolen, 2den, 3dje og 4de del. Kristiania, Dybwad 1906. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad