Sjaa, dagen sprett

(Salme, 1914)

Av Elias Blix

Sjaa, dagen sprett
i auster-ætt!
Han livet upp vil yngja.
Sjaa, skuggar fly,
og solglytt ny
no gyller sky,
og tusund munnar syngja!


I morgonstund
ved uppstadmund
eg vil min skapar lova.
Han vaker vel
for Israel,
so trygg og sæl
eg i Guds fred kann sova!

Du sannings sol
som rann i jol,
ver du mi morgonstjerna!
Lys upp min gang
som vidsynt vang
all dagen lang,
mot myrkers vald meg verna!

I all mi gjerd
paa livsens ferd
ditt ord mitt ljos maa vera!
Gud, styr min stamn
til himmelhamn
i Jesu namn!
So skal nok baaten bera.

So lid og renn
ein dag um senn
med sol i skuggedalar.
Snart natti lid,
og fram det skrid
til morgon blid,
med song i himmelsalar.



Frå Lesebok for folkeskulen ved Nordahl Rolfsen og Bernt Støylen. Ny utgåva. Fjorde bandet (landsmaalsutgåva). Kristiania, Dybwad 1914. Elektronisk utgåve 2001 ved Jon Grepstad