Med Jesus vil eg fara

(Salme, 1875)

Av Elias Blix

Med Jesus vil eg fara
på livsens ferd i lag.
Gud, lat den samferd vara
alt til min døyand' dag!
Det er mi høgste æra,
det er mi største ros
hans fylgjesvein å vera
og vandra i hans ljos.
 
Min Jesus, sannings stjerna,
lys upp min myrke veg!
Mitt hjarta vil so gjerna 
få fylgja etter deg.
Du lyser enn i verdi
som før frå Betlehem.
Ver du mitt ljos på ferdi,
til heim med deg eg kjem!
 
Min Jesus, gjævast givnad,
min eignalut og skatt!
I all min gang og livnad
meg støtt for augo statt!
Som vesle blomen trugen
ser upp mot sol og dag,
til deg så vender hugen,
til deg kvart andedrag.
 
Min Jesus,  Sarons lilja,
Bløm fagert upp i meg!
Lat ingenting meg skilja
og riva bort frå deg!
Du vintre i Guds hage,
min kjære Herre Krist!
Unn også meg den lage
å veksa som din kvist!
 
Du til di grein meg sette
alt i min fyrste vår,
med livsens dogg meg vætte,
gav sol og signa år.
Du vil òg vokster giva
alt til min siste slutt:
lat meg i deg få liva,
i deg få anda ut!
 

Første gongen prenta i Elias Blix: Nokre Salmar, 1875. Kjelder: Ivar Grimstad (red.): Songbok for pensjonistlag og andre lag, 2. utgåva 1987. Songbok for ungdom, 1980. Elektronisk utgåve 2002 ved Nynorsk kultursentrum