Kvitsundag

(Salme, 1885)

Av Elias Blix


Kved upp, Guds folk, syng høgt i kor!
No er det kvitsunhelg paa jord,
Guds ande kjem med heilag glod.
Kved upp, Guds folk, med helgaljod!

Han til si kyrkja enno kjem
som fordom i Jerusalem.
Han kjem uti sin heilagdom
til deim, som giva honom rom.

Han stundom kjem i storm og eld,
det ljonar gjenom kyrkje-tjeld.
Han kjem og i den stille ljod,
det leikar lint i hug og mod.

Daa merkar hjartat mang ein gong
som ljoden av ein heilag song,
so undarleg ei toneferd
som helsning fraa ei høgre verd.

Velkomen sæle kvitsundag!
No kjenna me Guds andedrag,
no vaknar livet ved hans ord,
som skapning ny utyver jord.

Kom livsens ande, dauden driv!
Og fød i oss ditt eiget liv!
Kveik upp din kjærleik i vaar hug
og styrk oss med din eigen dug!

Vaart hjarta utan deg er daudt,
som turre landet audt og snaudt,
som aare utan eld og glod,
som harpa utan maal og ljod.

Kom ned som liv i aude land!
Kom ned som glod i sloknad brand!
Kom ned som sol paa frosne eng!
Kom ned som ljod paa tagnad streng!

Kom ned din varme til kvar gard,
der kulden enn ligg tung og hard,
og tendra upp det liv av Gud
fraa fjellmanns heim til fiskar bud!

Kom ned til oss med tunga ny,
so lovsong stig fraa bygd og by,
til med din englekor ein gong
me syngja skal den nye song!



Frå Lesebok i det norske folkemaal for høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Kristiania, Huseby 1885. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad