I Norigs vetter rann ein vår

(Dikt, 1923)

Av Elias Blix

I Norigs vetter rann ein vår,
og sol reiv myrkret sunder.
Det var ein maimorgon klår
og fager som eit under:
Då rann vår fridoms sol,
vår gamle konungsstol
vart reist i Norig ny,
og upp frå bygd og by
steig lovsong yver landet.

Du Gud som gav oss dette land,
hjelp oss det trutt å verja
og stå som brøder hand ved hand
mot kvar som vil det herja!
Det høge, dyre ord
som våre feder svor:
Å standa fast som fjell
til gamle Dovre fell, -
det ord lat søner sanna!

So lenge fridomsdagen renn
med vårsol yver landet,
lat frie standa Norigs menn
og halda brodersbandet!
So renn då, maidag,
med ljose andletsdrag!
Renn fager, blid og fjelg,
du Norigs fridomshelg, -
velsigna millom dagar!
 

 

 

Frå Sangbok for norsk ungdom ved Mads Berg og Rasmus Stauri. Kristiania, Aschehoug 1923. Side 176. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad