Himmelske Fader

(Salme, 1896)

Av Elias Blix
 
Himmelske Fader, herleg utan like!
Til alle stader når ditt store rike.
Stjernor du styrer og alt liv som yrer,
alt ned til mauren i mold!

Ramn-ungar ropar, og du gjev dei mette.
Hungrande hopar til ditt bord vert sette:
alt gjev du føda, signar landsens grøda,
sender oss solskin og regn.

Manns barnet vilde du i nåde verna,
miskunn og milde tèr du oss så gjerna,
fører som fader fram i lange rader
borni du vann ved din son.

Sonen du sende som vår frelsar trugen.
Alle som vende heilt til honom hugen,
dei han òg frelsar og som brøder helsar,
leier dei fram til ditt fang.

Fader, du sæle, høgt i himmelstova!
Med barnemæle me ditt namn vil lova.
Takk, at du vilde med ein faders milde
taka oss til dine born!
 

Tekst første gong prenta i Norsk Barneblad nr. 7/1896. Siste forfattarversjon i Salmar og songar, 1900. Kjelder: Ivar Grimstad (red.): Songbok for pensjonistlag og andre lag, 2. utgåva 1987. Norsk sangbok, 1998. Melodi: Olav Sande. Elektronisk utgåve 2002 ved Nynorsk kultursentrum