Heimhug

(Dikt, 1906)

Av Elias Blix

 
Der heime fjellet strengt og hardt
for dalen stengde stort og svart,
og skuggen yver lægdi laag so breid og baag,
men trong-rømd himmelsyn ein saag.
 
Der guten gjekk i lengting lang
og stunda ut til vidd og vang.
Han tyktest heimen var so trong, og mang ein gong
ein fugl so vænt om vidheim song.
 
Og hugen flaug med fuglen ut,
langt utanfor den myrke nut,
der himmel klaar han kunde sjaa og bylgja blaa
med sumarljos og solgull paa.
 
So drog daa guten ferda-fus
fraa fødebygd og faderhus.
Han fagre land og bygder saag, og fjord og vaag,
som leikande i soli laag.
 
Han saag dei ljose land i sud
med si-grøn skog og blomeskrud,
med liv so lysande og rikt at det var likt
eit eventyr og draume-dikt.
 
Men med alt fagert der han fann,
hans hjarta daa av heimhug brann.
Alt stort han saag der utanlands, med all sin glans,
det var daa ikkje heimen hans.
 
Han sakna landet langt der nord,
hans fedraland, ei heilag jord.
Dei dyre minne hjarta drog, og fjell og skog
no lokkande mot honom log.

Du aldri finn, kor langt du fer,
ein stad som heimen dyr og kjær,
der fjell og fjord og dal og lid ligg bjart og blid
i ljoset fraa di barndomstid.

 
[Ordforklaringar:]
Baag: tver, meinsleg ("slem").
Vidheim: den vide verdi.
Ferda-fus: huga paa utferd.
Si-grøn: alltid grøn.
Bjart: ljos og klaar.


Frå Læsestykker paa landsmaal ved Nordahl Rolfsen og Bernt Støylen. Tillæg til Nordahl Rolfsens læsebog for folkeskolen, 2den, 3dje og 4de del. Kristiania, Dybwad 1906. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad