Guds ord

(Salme, 1885)

Av Elias Blix

 
Det er so godt aa vitja
Guds hus og heilagdom paa jord.
Det er so sælt aa sitja
og lyda paa Guds gode ord.
Der er det godt aa tjelda
fyr trøytte ferdamann.
Der inn ved livsens kjelda
gror liv i aude land.
Og der den kjelda surlar,
der byggja fuglar smaa.
Den arme duva kurlar
og lengtar dit aa naa.
 
Vor Gud, som ordet sende
i forne tid til oss her nord,
gjer du vaart turre lende
rett grornæmt fyr ditt gode ord!
Det var fyr vaare feder
eit livsens sædekorn;
det liver og det gleder
enn born og barneborn.
Gud lat det stødt faa standa
hjaa oss i fager gror!
Kom Herre, paa oss anda!
Gjer livande ditt ord!



Frå Lesebok i det norske folkemaal for høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Kristiania, Huseby 1885. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad