Gud signe vaart dyre Fedraland

(Salme, 1892)

Av Elias Blix

Tone: Den signede Dag, som vi nu ser (L. 434).

Gud signe vaart dyre Fedraland
Og lat det som Hagen bløma!
Lat lysa din Fred fraa Fjell til Strand
Og Vetter fyr Vaarsol røma!
Lat Folket som Brøder saman bu,
Som Kristne det kan seg søma! 

Vaart Heimland i Myrker lenge laag,
Og Vankunna Ljoset gjøymde.
Men, Gud, du i Naade til oss saag,
Din Kjærleik oss ikkje gløymde:
Du sende ditt Ord til Norigs Fjell,
Og Ljos yver Landet strøymde. 

Og Norig det ligg vel langt i Nord,
Og Vetteren varer lenge;
Men Ljoset og Livet i ditt Ord
Det ingen kann setja Stenge.
Um Fjellet er høgt og Dalen trong,
Ditt Ord heve daa sitt Gjenge. 

So blømde vaart Land i Ljos og Fred,
Det grodde so grønt i Lider.
Men atter seig Natt paa Landet ned
Med Trældom og tunge Tider.
Og Folket det sukkad etter Ljos,
Og du lyste upp umsider. 

Og Morgonen rann, og Myrkret kvarv,
Som lenge vaar Lukka skygde.
Du atter oss gav vaar Fridoms Arv
Og honom i Trengsla trygde.
Du vernad vaart Folk og gav oss Fred,
Og Landet med Log me bygde. 

Vil Gud ikkje vera Bygningsmann,
me faafengt paa Huset byggja.
Vil Gud ikkje verja By og Land,
kann Vaktmann oss ikkje tryggja.
So vakta oss, Gud, so me kan bu 
I Heimen med Fred og Hyggja! 

No er det i Norig atter Dag
Med Vaarsol og Song i Skogen.
Um Sædet enn gror paa ymist Lag,
Det brydder daa etter Plogen.
Saa signe daa Gud det gode Saad,
Til Groren ein Gong er mogen!
 


Frå Elias Blix: Nokre Salmar. 4de aukade Utgaava. Kristiania, Norsk Salmebog-Samlag 1892. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad/2009 ved Nynorsk kultursentrum