Eit og annat um Livet i Nordland 2

(Artikkel, 1904)

Av Elias Blix

II.

          Dat er i fyrste Stykket visat, at Nordlendingen jamt og samt er ute paa Sjøen, og at Fisket er honom ei kjær Verksemd. Og denne Lyst til Sjølivet er openberlega likaso gamal som sjølve Nordlendingarne; dat er nok i sin Grunn berre ein annan Skapnad elder ei onnor Framsyning af dan same Hug, som i forne Dagar dreiv Fedrarne ut paa Havet og gjorde deim til so namngitne Sjømenn. Dat er ein Sjølvgivnad, at denne Hug altid maa halda seg betst og visa seg sterkast paa slike Stadar, dar Sjøen med sine rike Gaavur leter Mannen lettare og vissare finna sin Næring enn paa Landjordi. Me sjaa soleides, at dar er nokot gamaldagslegt elder antikt i denne Livemaate. Men naar ein stundom møter framande Folk, som tenkja seg desse Fiskarar som heile elder halve Villmenn framfyre andre Folk, daa er dette ein Misgaaelse. Sedirna ero her som annarstad smaatt um Senn vordne blidare: Villmannalivet er kvorvit burt fyre dat fredelege Kappstræv; Nordlendingen elskar nok Sjøen, men han er ingin Neskunge, som gløymande Hus og Heim sviver um i same ville, stormande Uro som dei Bylgjur, som bera honom. Dat maa merkjast som fyrr er sagt, at desse Fiskarmenn fyre meste Deildi ogso ero Gardmenn; dar er mykit som dreger Mannen heim, naar Fisket fyrst er ute, og han er glad, naar han etter langt Fraavære fær sjaa sin Gard og sin Huslyd atter. 
         Dat er daa inkje negtande, at dette Sermerke i Folkets Livevis maa hava sine Brestar og føra til mangt, som inkje er ynskjande. Gardsbruket kann inkje verda drevit med dan naudturvelege Kraft og røktat med dan rette Umsyn, naar Mannen so tidt lyt vera burte. Og difyre er dat daa ogso ofta paa desse Kantar liten Skikk paa Jordbruket. Men i dan Tid, Mannen hever Ro i Heimen, er han aalmennelega idig og strævsam, ja ofta meir enn ein med Rett kunde venta.

         Me vilja inkje røda um, at dat her som annanstad kann vera ymse Folk, baadi Menn og Kvinnur, som lata Hus og Heim skjøyta seg sjølv, og drepa Tidi med at ganga gardamillom, frega um Bygdarnytt og sjaa paa, at andre arbeida. Slike Folk hava dat no paa sin eigin Maate, og dei liva til dei døy, dei og, etter dat gamle Ordtøket: −Som ein teker Verdi til, so gjenger ho.−−Dat me hava at halda oss til, er dat aalmennelege, og dette er, at Mannen og Husfolket hans sjølv gjera alt dat, som hans Drift og Livemaate kann krevja −fraa Huset, dei bur i, til Klædi, dei ganga i. Handverkarar af dei ymse Slag er ein Ovbunad (Luxus), som dar er litet af. Er dat nokot, Mannen inkje rett kann med, og hans Granne skyner seg betre paa Tingen, so gjera dei Arbeidabyte, og so ero baade velhjelpne.

         Kona er no dan andre Magt i Huset, maavita. Dat er sjølvsagt, at mykit af Gardsdrift og Hustjorn lyt falla paa henne, og ho maa standa Mannen til Andsvar fyre, kvat som verdt gjort, medan han er burte. Ho lyt arbeida sjølv og føra Tilsyn med Arbeidsfolket sitt; men næst dat vanlege Dagstræv hever ho si Handgjerd, naar ho um Kvelden kjem inn, og dan arme Kona hever tidt stort Stim med at halda Arbeidet i Gang, iser naar Gjenturna hennar ero kveldsvævde, og duva millomaat, so Rokken elder Veven stadnar, og Traaden slitnar af millom Fingrom.

         Dessutan er dat Kona, som jamnast maa læra Borni at stava og lesa; dar sitja dei daa med Bøkerna sine framfyre Moderi, for at ho kann høyra og rettleida deim. Men skal ho inkje heftast i sitt Arbeid, lyt ho sjølv kunna Bøkerna godt; og difyre ero desse Folk tidt vonde paa dei nye Lærabøker, som brigda for mykit af fraa dei gamle, dei sjølv lærde. Denne Lærdomen gjenger no fulla inkje djupt, som ein kann vita, men han er daa ei gagnleg Framhjelp, solenge Aalmugaskulen er i slik Umegd, som han mange Stadar hittil hever vorit.

         Og medan dei no sitja kvar med sitt Arbeid, vankar dar tidt hugsame Husrødur. Denne Tvertiging eller Maalløysa millom Husens Folk, som ein tidt treffer paa hjaa vaare Bønder, er inkje her mykit merkjande. Ein maa daa inkje venta at høyra Tala um store og vigtuge Maalemne, inkje helder Lærabygnader (Theorier) um Sjødrift og Gardsbruk og slikt nokot; um dette kann dar inkje vera stort at segja, meiner Bonden, dat gjenger af seg sjølv, dat, naar ein berre vinner arbeida. Naar ein fyre nokre Aar sidan fortalde dan gamle Bonden, at me no skulde faa Skular, dar Folk kunde læra at driva si Jord rett og verda dugande Gardmenn, so sette han i ein Laattr aat slikt Narreverk. −I denne Vegen kjem ein inkje langt med Lærdom, dat lyt Arbeid til,−sagde han med myndug Mina. Dan, som vil høyra ei Husrøda af rette Slaget, so maa han agta paa ein Kveld, naar Mannen er i Godlaget; daa forteler han um alle dei undarlegaste Røynslur, han i sine Dagar hever gjort um alt dat store og gjæve han høyrde og saag, daa han var i Bergen, kor gildt han vardt fagnad af Kaupmannen sin; denne store Mannen var no so afbragslega god af seg; han baud Nordfararne, som handla med honom, upp til Middags, sette seg sjølv midt imillom desse Fiskarar, og sendte Maten ikring til deim med mange fine Ord: −Ver so god, Herr Nils Person! ver so god, Herr Hans Torkilsen!−segjer han. Og naar Bonden forteler um dette og mange andre rare Ting, daa er han sjølv stolt, og Gutarne sitja so dei gapa af Gaum og sjaa med Lengsla fram til dan Dag, daa dei ogso kunna faa sitja til Bords med Kaupmenn og verda kallade Herrar. Elder ogso røda dei um Havmannen, elder um Draugen elder um Tuftemenn og alt dat undarlegaste, som til er elder hever vorit. ægte gamle Folkesegnir høyrer ein no næstan aldri; eit og annat Merke visar daa, at her eingong hever gjengit slike Segnir, men dei ero utdøydde med dan gamle Slægt, ei ny er vaxin upp, som hever gløymt dat gamle utan at hava fengit nokot nytt og betre i Staden.

         Dagblad elder andre Avisur helder desse Folk mykit sjeldan; og dat, som dei kalla Politik, hever dan gode Mannen ingi Greida paa. Han hever lært so litet utanfyre sitt eigit Dagstræv, kjenner so litet til Landets Skikk og Torv utanfyre sitt nærmaste Grannelag, at han inkje kann hava Skyn paa vitugt Bygdarstyre og endaa mindre paa Landsstyre; men naar han daa imillomaat røder um slike Ting, daa kann ein høyra dei undarlegaste Meiningar elder rettare: dan største Meiningsløysa. Dat er inkje berre Setersdølen, som vita at fortelja um dei tvo store Herrar, Kjeisaren og Paven, som standa yvir Kungarne, baade vaar og alle andre. Dan same Læra høyrde eg fyre faa Aar sidan av ein gamal Klokkar i Nordland, og daa Skulegutarne hans gjerne vilde halda seg til dan høgste Herre, maavita, so var dat undarlegt nok, at han inkje gjorde deim til reine Pavetruande; men Lukka var nok dan, at dat Bilætet, han gav deim af desse store Menn, var so dimt og taakut, at Gutarne inkje vitste, anten han skulde leita etter deim paa Jordi elder i Maanen. Dette og meir af same Slaget kann vera merkjande, afdi dat visar, kor langt att i Tidi Folk paa mange Stadar enno liggja, og at her turvast sterke Kreftir til at draga deim fram ur Myrkret til dat fulle Dagsljos.

         Me ero her komne til ein Skort, som vel maa kallast Grunnen til alle andre: Skort paa sann folkeleg Upplysning. Alle, som hava vorit paa dei Stadar i Nordland, dar dat stender verst i dette Stykket, vil naudsynlega hava fengit eit myrkt Bilæte af dan store Mengdens Faakunna og all dan Armod, som fylgjer med henne. Borni læra so mykit af Kristendomen, at dei kunna sleppa fram hjaa Presten, og endaa dette er inkje komit djupare inn, enn at dat um faa Aar kann vera gløymt alt ihop. Og darmed er dat Slutt paa Lærdomen; dat andre, dei læra, er so ørlitet, at dat inkje er rødande um. Me hava nemnt, at mykit af dat gamle kverver burt med dei utdøyande Slægtir, gamle gode Folkevisur og Segnir høyrast inkje meir, Maalet, som paa fleire Stadar var i god Hevd, vanhevdast og vanskapast litet um Senn. Og dette er inkje, som ymse Folk læra, ein Verknad af di, at dei nye Tidirs Upplysning og Sedhevd inkje kann semjast med dette gamle, taka dat upp i seg og forklaara dat, men lyt driva dat burt for at faa Inngang. Nei, dat er snarare radt motvendt, dat er Skort paa Upylysning, Vankunna, som gjerer alt til inkjes. Tidi berer ei øydeleggjande Magt i seg i dette som andre Stykke, naar ingja onnor høgre Magt kjem til og verjar dei gamle Eignir, og denne andre Magt er sann og folkeleg og tidshøvande Upplysning og Kunnskap.

 
 

FråSyn og Segn. Nr. 10. 1904. s. 367-371