Dauden gjenom Verdi gjeng

(Salme, 1923)

Av Elias Blix

 

Tone: Jesus er mit Haab og Trøst (L. 565)

 

Dauden gjenom Verdi gjeng
Og vil rydja Liv or Lande,
Mansens Barn som Blom i Eng
Bleiknar fyr hans kalde Ande.
Under denne myrke Magt
Er alt Liv paa Jordi lagt.

Ja vaart Liv er veikt som Høy,
Og som Graset all vaar Søma.
Graset visnar, Blomar døy
Og fyr alle Vindar røma:
Mannen døyr, men næste Vaar
Blomen Gull paa Gravi straar.

 

Jesus gjenom Verdi gjeng,
H a n kann Dauden slaa med Velde!
Livet han til Løysepeng
Gav fyr oss som burt var felde.
Difyr Livet paa hans Ord
Fagert fram or Gravom gror.

 

Jesus ut til Nain fer,
Paa sin Veg han Dauden møter.
Sjaa ein Mann til Jord dei ber,
Og det Syn hans Hjarta grøter:
Enkja fylgjer ut sin Son,
Ber til Grav si siste Von.

 

Vonlaus Veg er tung og lang.
Moderhjarta maa vel graata,
Der ho gjeng den tunge Gang,
Grundar paa den myrke Gaata:
Kvi det unge Livet brest,
Som det stend i Bløming best.

 

Jesus segjer: "Ikkje graat!" 
Med eit Ord han stiller Taara,
Vender Graat til Gledelaat;
Sjaa, der skrid han fram til Baara,
Segjer: "Upp du Daude statt!"
Og til Liv han vaknar att.

 

Jesus, naar min Time slær,
Og eg hardt i Striden stender,
Stat meg daa i Naade nær,
Lyft til Verja dine Hender!
Seg eit Ord og Dauden driv!
Svæv meg inn til evigt Liv!

 

Fylg meg, Frelsar, i den Stund,
Naar eg vandrar her or Stova!
Fylg meg til den stille Lund,
Der eg til din Dag skal sova!
Paa mi Grav det Merke skriv:
"Eg Uppreisning er og Liv."

 

So eg skal i heilag Ro
Kvila til den store Dagen,
Daa di Grøda upp skal gro
Herleg i den vigde Hagen,
Brydda so med dine Born
Som eit Livsens Sædekorn.

 

Red.merk.:Salmen er ein av to Blix-salmar som vart sungne i gravferda til Ivar Aasen 29. september 1896.

Frå Kirkesalmebog. Efter offentlig Foranstaltning samlet og udarbeidet ved M.B. Landstad og Nokre Salmar ved E. Blix, samt Tillæg, indeholdende Tekstafdeling m.v. Kristiania, Salmebogforlaget 1923. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad/2009 ved Nynorsk kultursentrum