Dagsens auga sloknar ut

(Salme, 1914)

Av Elias Blix

Dagsens auga sloknar ut,
kveldsol ned i vester glader.
Skuggen stig fraa dal til nut,
myrket sigrar alle stader.
Jesus, hjartans sol og skatt,
Jesus, ver mitt ljos i natt!

Kvar ei kveldstund, naar eg fer
etter dagsens strid til kvila,
ver meg med din naade nær,
lat di aasyn til meg smila!
Lat du mildt mitt auga att,
Jesus, ver mitt ljos i natt.

Lys du yver meg din fred,
Jesus, ver mi sol og stjerna!
Livssol, som gjeng aldri ned,
meg mot myrkers hugskot verna!
Stjerna, yver huset statt,
Jesus, ver mitt ljos i natt!

Naar mi livssol sig i hav,
og eg under mold skal sova,
lys meg daa igjenom grav!
So eg skal i ljos deg lova.
Du som myrkers magter batt,
Jesus, lys i daudens natt!



Frå Lesebok for folkeskulen ved Nordahl Rolfsen og Bernt Støylen. Ny utgåva. Fjorde bandet (landsmaalsutgåva). Kristiania: Jacob Dybwads Forlag 1914. Elektronisk utgåve 2001 ved Jon Grepstad