Jorda svingar
(Dikt, 1920)
Av Hallvard Bergh
Jorda svingar seg fort ikring,
det hender mykje og mangt,
folk lyt hugse paa tusen ting,
skal alt inkje ganga rangt.
Dei fyrst maa tenkje paa livsens krav,
skal jorda inkje bli grav i grav.
Mange tykkjer det er so gildt
aa minnast lenge og stort;
mange tykkjer det er so ilt
dei fær kje slikt storverk gjort
at dei kan leva ein miljard aar
og minnet bløme lik blom um vaar.
Sume er det som storverk vinn
fyrr dei i grava sig ned,
lel or hug og or alle sinn
dei er naar dei vel-far bed,
di verda kvesser no sverd og dolk
og kan kje heftast med daude folk.
Frå Ung-Norig. Nr. 4. April 1920. 3. aarg. Side 87-88. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad
Publisert