Ho gamle mor og amerikabrevet

(Dikt, 1916)

Av Hallvard Bergh

 

Velkomen, postmann; hit med brevet!

Har stunda paa det lenge no.

Aa nei, eg trur eg misser tevet!

Du, Margit, sjaa her skriv ho Gro

og' n VeslesKnut i Minnesota;

og denne rosa-leppen her

kjem radt fraa gutom i Dakota, -

Til vêrs eg meiner plent eg fer!

 

Du postmann, sit ned, kjære, vente!

Du skal ha kaffi fyrr du gaar.

Nei, gjekk han lel daa! Skund deg, gjente,

og bed han inn att; sjaa, han staar

og syp - han likar kaffi-eimen. -

Nei, her er nytt - aa jeie meg! -

Ho Liv er alt paa veg mot heimen,

med blide ord ho helsar deg.

 

Jau, Mari, kjem baa' Per og Ola,

og Knut har jamvel kona med.

I Norig vil dei drikke jola

faa tala norsk og lystig læ,

kring Venefjord paa skeisur renne

og gjera svære hopp paa ski,

den norske luft' aanyo kjenne

og ha ei onnor ungdomstid.

 

Nei slike spel - dei kjem i fylgje!

Um nokre dagar er dei her. -

Mitt hjarta er som havsens bylgje,

og mang ein storm har herja der.

No er det stillt, og no skin sola.

Aa kjære Gud, du er for god:

Du sender bonna heim til jola

og gjev meg alt mitt gamle mod.

 

Du, Margit, me lyt vaske huset

og golva straa med bar og brisk,

paa skaapet setja arvekruset

og papirfruse skruv og disk.

So bonna - husk! aat laugarholken

og skrubba seg til nasen skin;

set trolla upp, dei fær av svolken;

her hjelper inkje sure grin.

 

Du, Leiv, fær beda far din taka

den raude kalven snøgt som eld;

og, Brita mi, du lyt stad baka,

men fyrst me dengjer plagg og feld.

Med jolestasen klær me inne,

vaar beste duk me legg paa bord,

- ja det er sant, eg maa nok kinne

so gult eit smør som finst paa jord.

 

At me har bryggja var ei heppe;

dei skal faa egta joleøl;

eg skynar dei vil gjerne sleppe

alt bayerbland og kjøpe-søl.

Du vèit at far din er den beste

i bygda her te melte malt,

so dei tarv inkje vera tyrste.

Det beste skal dei faa av alt.

 

Han far og guten rakar tunet,

dei reinskar vel for beit og bar

og jolebandet set til krune

og varde over folk og gard. -

No er eg ung att, no skin sola.

Vaarherre, du er altfor god:

Du sender bonna heim til jola

og gjev meg reint eit Samsonmod.

 

Frå For Bygd og By. Sundag 23. januar 1916. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad