Hallingsong

(Dikt, 1920)

Av Hallvard Bergh

 

(Tone: At far min)

 

Den vene Hallingdalen

med fjell og lid og fjord

for oss er beste valen

og rette odelsjord.

Her vaare fedrar bygde,

og vigde inn sitt hov,

og arven for oss trygde

med sterke arm og lov.

 

Som vaare fedrar kjære

me elske vil vaar dal,

høgt arven deira ære

og gjera'n aldri fal.

Me dyrke vil kvar rute

til dalen stend i blom,

all urett halde ute,

men rettferd gjeva rom.

 

Vaar eigen heim me bygger,

med trall og song det gaar,

di Lat-Lars aldri hygger

seg rart ved peisen vaar.

Ideen bjart skal syne

som stjerna i vaar hug,

men inkje som vil tyne

vaar ungdom, aand og dug.

 

Og Norske vil me vera

i brev og bok og gjer',

og Hallingmaalet bera

paa tunga kvar me fer.

Her gode hjarto møtest,

hit alt det gode traar,

her hjarteveilor bøtest,

og turkast mang ei taar.

 

Og kjem det harde tider

med krig og slave-band,

me møter ram og strider

for fridom og for land.

Alt godt det vil me verja,

hurra for folk og flag!

Alt myrker vil me herja,

hurra for ljos og dag!

 

So kom daa gut og gjente,

la oss i leiding gaa!

Paa hine aldri vente

at dei skal slaga slaa!

Kvar ein av oss vil standa

for rett og sanning vakt.

Her har du høgre handa,

so dette er ei pakt!

 

Frå For Bygd og By. Sundag 29. februar 1920. Nr. 4. 9. aarg. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad