Den som kysser i vinden blæs ikkje bort aleine

(Roman, 1987, utdrag)

Krystall Evenes
 
Her, på første sida i denne forteljinga, er det Krystall Evenes som står og speglar seg i garderoben sin i Amerika. Ho ser nok ikkje så mykje nytt i den store spegelen i sølvramme. Ho ser seg sjølv.
    Og så sukkar ho.
Mens Jostein Furu slår på triangelet sitt ein stad langt, langt borte. Ein lyd som Krystall Evenes ikkje høyrer noko som helst av.
    Ho prøver å smila. Strammar til smilemusklane. Det ser ut som ho geipar. Ho blir engsteleg.
    Kanskje kan ho aldri smila på skikkeleg meir?
    Kanskje er det slutt for godt?
 
Krystall Evenes er skodespelar. Ho er vidgjeten og etterspurt. Mange meiner ho er uhyre vakker. Spesielt når ho smiler. Men i dag er det nettopp smilet hennar som har vore det store problemet. Det verkar nemleg ikkje heilt som det skal.
    Trettito gonger har ho prøvd å smila det smilet som regissøren har bede om. Kamera har gått. John har kome inn døra. John er ektemannen hennar i den fjernsynsserien dei no held på med. Han er komen frå kontoret. Krystall har stått i gangen og ringt etter han med den rosa telefonen. Ho har ringt til kontoret hans. Ho ville berre seia at ho elska han. Fordi dei hadde ei lita trette om det var rett å bruka sølvskeier til kokt egg om morgonen. John hadde gått i sinne. Og så ringer ho til kontoret, for å seia at ho elskar han jo.
    Slik er filmmanuskriptet.
    Men så er altså ikkje John på kontoret i filmen. Han kjem inn den digre kvite døra heime. Ei velstelt og nymalt dør med messinghandtak og solid lås. Og idet Krystall Evenes får sjå han i dørsprekken, er det ho skal smila.
    Eit inderleg smil.
 
Og dette inderlege smilet er det ho har slike problem med i dag. Trettito gonger har ho prøvd. Men det blir berre ikkje inderleg nok for regissøren. Regissøren heiter Mathilda, og seier:
    — Det ser jo ut som du drit i heile John. Som han skulle vera ein dørseljar eller nestformann i golfklubben. DU ELSKAR HAN JO! DU HAR SAGT AT DET IKKJE ER BRA Å ETA EGG MED SØLVSKEIER! SKJØNAR DU IKKJE DET!?
    Dette seier ho sjølvsagt på amerikansk. Nett som alt anna i Amerika stort sett blir sagt på amerikansk. Og eg innrømmer med ein gong at eg kan svært lite av det språket, og derfor må skriva det på norsk. Dei som ikkje likar norsk så godt, kan jo berre setja om til amerikansk sjølve.
 
Jo, Krystall Evenes skjønar det så godt. Det med sølvskeiene og alt det der, altså. Ho er ikkje dum heller. Men det er liksom den muskelen som gjer eit smil inderleg rett og slett ikkje orkar meir.
    Ho speglar og speglar seg. Innimellom rekker ho tunge til seg sjølv. Ei søt, raudrosa tunge.
    Kor er røtene mine? tenker ho. Kor var det alt begynte?
 
Det er nemleg på denne tida det er blitt så populært med røter i Amerika. Før var det fiber, men no er det røter. Og då tenker ein verken på gulrøter eller kålrot.
    Nei, det dreiar seg om familierøtene. Formødrene og forfedrane. Dei tidlegaste plopp i alle slekter.
    Krystall Evenes veit kven mor hennar er. Det var jo mor si Krystall Evenes kom ut av.
    Plopp! sa det ein dag i Amerika.
    Og der var Krystall Evenes komen til verda.
    Nett slik mor til Krystall kom ut av si mor med eit plopp nokre år før der igjen. Og hennar mor igjen med eit endå tidlegare plopp.
    Plopp!
    Plopp!
    Plopp!
    Det er jo omtrent slik det er.
 
Men det Krystall Evenes lurar slik på, er altså kor det først sa plopp. Kva var det dei ville med livet sitt, alle desse kvinnene? Og mennene, for den saks skuld. Kor budde dei? Kor kom dei frå? Kor vaska dei føtene sine?
Og så vidare.
    Dei fleste er jo døde. Den eldste som Krystall veit om,er bestemor hennar. Men ho er gått i barndommen og vil ikkje bli vaksen meir.
    Kor var det at det først sa plopp?
 
Krystall Evenes trur nemleg at dess lenger tilbake ho finn, dess djupare vil meininga med livet hennar bli. Om ho berre fekk trø på dei same steinane som formødrene hennar ein gong gjekk på, då ville ho komma på rett veg igjen. For nett no kjennest det som ho har rota seg heilt bort. Ho står liksom i lause lufta.
    Dette har ho snakka om til aviser og fjernsyn. I håp om å finna eit spor tilbake. Med meir og meir lengting i stemma har ho snakka om alle desse ploppa ho ikkje veit noko om.
    - Det er viktig å veta kor ein kjem frå, har ho sagt.
    - Eg ønsker å leita meg så langt tilbake mot det opprinnelege som råd.
 
No konsentrerer ho seg kraftig igjen.
    Kom, mitt inderlege smil! ber ho.
    Så smiler ho. Det er ikkje rare greiene, dessverre. Det drysser blått frå augene og raudt frå kinna. Men noko inderleg smil blir det ikkje av det.
    - Krystall!? ropar det ute frå opptaksrommet. — Kom no, og smil til oss!
    Men det er altså i Amerika. Langt, langt borte frå all den vinden som no blæs opp på Vindholmen i Noreg
 

Frå Rune Belsvik: Den som kysser vinden blæs ikkje bort aleine. Det Norske Samlaget 1987. Side 9-12.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.