Ragna Ryther

(Biografi, 1916)

Av Anton Aure

Ragna Ryther
Naar eg tek med denne unge trøndergjenta her so lyt eg kanskje fyrst segja fraa at det ikkje er med hennar gode ville. Ho segjer sjølv at "eg hev enno ikkje gjort noko som gjev meg rett til aa vera med der".

No kann det nok henda at me andre kann døma betre um kva ho hev gjort enn ho sjølv, og naar eg tek ho med, so er det fordi eg meiner ho er vel verd at folk lærer betre aa kjenna baade henne og arbeidet hennar.

Ikkje fordi ho hev gjeve ut eit par diktsamlingar - det er so mange som det hev gjort - men det er fordi Ragna Ryther hev synt at ho kann skriva verkelege dikt, og det er fordi ho med dei bøkerne ho hev sendt ut, hev gjeve oss voner um at me kann venta oss mykje godt ifraa hennar hand, um ho fær helsa og livedagar.

Lat vera at det enno er mykje som er uferdugt; ho eig den rette gneisten, og ho er enno ung og i sterk vokster.

Ragna Ryther er fødd 26. juli 1885 i Værdalen, og ho vart døypt i den gamle Stiklestadkyrkja.

Faren var folkeskulelærar, og han flutte fleire gonger. Daa ho var reint liti flutte dei fraa Værdalen til Melhus (i Gauldalen), og ei tid etterpaa flutte dei derifraa til Stadsbygda, der dei budde i aatte aar.

Derifraa hev ho sine kjæraste barneminne, baade um leik og aalvor i den gode heimen der fred og lukka raadde.

Tidleg tok ho til aa laga vers. Dei skreiv ho ikkje, men ho dikta dei medan ho sat i fjoset og mjølka um vinterkveldarne og maanen skein inn gjenom glaset til henne - eller um sumaren naar ho var ute og gjætte og krøteri laag og kvilte middag, og kammeratane dreiv med leiken sin.

Men det vart ein braa ende paa denne lukkelege tidi, og ho vart endaa fyrr ho retteleg var vaksi sett inn i den naadelause striden for tilværet.

Ho hev sjølv fortalt fint um dette i "Unglyden" for eit par aar sidan, og eg vil herma noko av dette her:

"Den sumaren eg gjekk for presten, døydde far fraa oss, nett som eg trong han mest og tok til aa skyna kva eg aatte i han. Mor og me fire systkin, eg den eldste, flutte til Melhus att. Barnedagarne var ende; dei framtidsplanarne som far hadde lagt for meg var det ingen lenger som brydde seg um, og arbeidsdagen min tok til utan vidare fyrebuing.

Eg fekk meg ei strikkemaskina, og um eg ikkje kann rosa meg av noko anna, so torer eg visst segja at eg har vore trufast mot henne det er visst tolvte vinteren eg brukar ho no, og eg vil vona at alle dei ullvaror eg har laga ihop har vermt mang ein frosen kropp! Sumrane har eg vore ute paa ymse arbeid; har vore onnetaus i Singsaas og stølsgjenta i Kviknefjella".

Vaaren 1908 gjekk ho tri maanar paa ein amtskule. Det var berre norsk-dansk ho fekk læra der liksom i barneskulen. Men vinteren etterpaa gjekk ho paa eit lite maalskeid i Melhus, og fraa den tidi hev ho nytta berre nynorsk i alt ho hev skrive.

I 1910 gav ho ut fyrste boki si: " Fjeldets sange". I denne boki hev ho samla nokre av dei dikti ho hadde skrive frametter aari, 45 dikt i det heile. Av desse er 13 stykke paa norsk maal. Mange av deim er fine og stemningsrike, men ofte vantar dei noko i formi, og so er det som ho ikkje fær nokor magt i songen; ho hev ikkje enno funne seg sjølv.

Det gjekk fem aar fyrr andre boki hennar kom, og i millomtidi hadde ho gjenge ein vinter paa Voss folkehøgskule (1913-14).

Ho segjer sjølv at "det er vel ikkje for mykje sagt at det er den gildaste vinteren eg har havt sidan eg vart vaksa. Og der fekk eg tru for det arbeidet som skal faa sjølv ungdomen i breidbygdene i Trøndelag til aa fylka seg under merket: Norskdom og kristendom".

At den vinteren hev havt mykje aa segja for hennar eigi aandsutvikling syner den nye diktboki hennar aller best. Berre namnet paa boki er som eit program. Ho heiter " Arbeid og draum" og kom ut vaaren 1915.

Det er 50 dikt i denne boki, alle paa norsk. Og her syner ho at ho hev vakse overlag mykje baade i evna til aa forma, og kanskje framum alt i evna til aa skapa innhaldstunge og klaare dikt. Rett nok finst det enno mange dikt som ikkje held maal; men imillom kann der vera vers som me lyt rekna millom dei egte perlor. Eg skal herme eit par:

 

"Eg trur paa vaar i kalde haustkveldskuming
naar vinden leikar seg med gule blad -.
Eg trur so lenge at eg gløymer graata
og stille vaarvon gjer meg varm og glad.
Eg fekk ein vaardag denne tru til gaava
av sola sjølv, som ævevaaren lova.

Eg trur paa lukka, slik som ho meg møtte,
ein vaarkveldsdraum med symra stod i knupp;
daa kvar ei livsvon fekk i sol seg lauga
og skaut som blomen imot ljose upp.
Tvo augo varmare enn vaarsolflaumen,
dei lærde meg aa tru paa lukkedraumen".

Det gudelege hugdraget var det sterkaste i "Fjeldets sange", og i "Arbeid og draum" gjeng det ogso som den varme understraum gjenom det heile; men ho hev her vunne fram til større klaarleik og vidare syn. Sume av desse dikti er salmar. Kanskje me ogso fær ei kvinna som er heilnorsk salmediktar? Best er vel "Getsemane", som eg skal taka med her:

 

"Kvi skjelv kvart lauvblad slik i stille natt,
kvi dryp det blod paa blomarne i hagen?
Kvi er det auga slik av rædsla fyllt,
som elles lyser varmt som sol um dagen?

Kvi ligg du der du herlege Guds son,
aaleine midt i strid og hjartekvida?
Kvi ligg du der og bed forutan von.
kven tvingar deg vel soleis til aa lida?

Guds son i heilag kjærleik gjev seg sjølv;
hans reine sjæl vaar synd som klungren stingar,
at du og eg i rettferdsklædnad kvit
kann eingong lyftast yver stierneringar.

At naar me møter vaart Getsemane,
han sjølv kann staa i straaleglans ved sida:
og med si sterke vare frelsarhand
til sæla venda alt det me lyt lida".

*

Ragna Ryther er ei kvinne med mange hugmaal; men eit av dei ho hev arbeidt mest for er avhaldssaki. Ho hev vore godtemplar sidan ho var 18 aar, og ho hev vore mykje med i avhaldsarbeidet i Trøndelag. Mange gonger hev ho tala i møte og paa større stemnor, og ho kann tala slik at ho fær folk med, difor hev ho alle stader vorte vel umtykt.

Daa det for eit par aar sidan var avrøysting um skulemaalet i Melhus, heldt ho ein tale som vart mykje aatgaad, og mana sambygdingarne sine til aa taka sitt norske maal til skulemaal og jaga dansken paa dør. 


Frå Anton Aure: Kvinnor i den nynorske bokheimen. Stutte livsskildringar. Kristiania: Nikolai Olsens Prenteverk 1916. Elektronisk utgåve 1996 ved Jon Grepstad