Petra Kvisli

(Biografi, 1916)

Av Anton Aure

Petra Kvisli
Daa eg var reint ung fekk eg høyra ein song som tok meg so underleg um hjarta. Det var baade ordi og den væne tonen som gav atterljom i sjæli:

 

"Eg elskar dei voggande tonar
og all den brennande hug!
Eg elskar kvar song som ljomar,
og kvart eit barn som log!"

Det var som sungje ut or min eigen barm, og hadde eg daa visst kven som hadde dikta denne songen, so hadde eg visselig skrive og takka. Men det stod berre "Hilde" eller noko slikt under, og eg undrast mykje paa kven det skulde vera.

No undrast eg ikkje meir paa det; for no veit eg at det er fru Petra Kvisli. Og hennar namn er ikkje ukjent millom norsklynd ungdom no. Forteljingarne hennar hev vorte mykje lesne, og spelstykki hennar hev vorte spela hundradtal gonger i ungdomslagi rundt um i landet. Mang ei hugnadstund hev ho soleis gjeve bondeungdomen, og no takkar me ikkje berre for den væne songen, men og for dei bøkerne ho hev gjeve oss. Med dei hev ho vunne seg eit godt rom i nynorsk bokheim.

Me som er glade i det norske maalet, tykkjer det er sers gildt at ho hev skrive bøkerne sine paa norsk, endaa ho er fødd og ali i ein by der all norskdom er lite vyrd.

Petra Kvisli er fødd i Arendal den 1. mars 1874. Ho gjekk fyrst paa folkeskulen der i byen til ho var konfirmert, og sidan gjekk ho paa ein lærarinneskule i same byen. Her tok ho eksamen i 1890 med aller beste vitnemaal. Den læraren ho lærde mest av var Oddmund Ljone. Han hadde eit sers lag til aa læra dei mangt som dei aldri gløymer.

Ho las elles svært mykje i barneaari. Lesehugen var reint umetteleg. Fyrst for ho igjenom heile skuleboksamlingi, og sidan, daa ho vart større, fekk ho laant bøker andre stader. Helst var det mytologi ho likte aa lesa, og ho las i den tidi alle dei mytologiske bøker ho kunde spyrja upp i heile Arendal.

Og kjærleiken til mytologien hev ikkje kolna endaa. I dei seinste aari hev ho studera mange mytologiske granskar-arbeid, og det er enno hennar kjæraste lesnad. No sist hev ho lese nokre store verk av svensken Rydberg, og ho tykkjer Rydberg sine teoriar um upphavet til dei gamle myterne er mykje meir tiltalande enn dei Sophus Bugge heldt fram.

Elles hev ho ogso lese mykje av dei største diktarar og filosofar. Alt i 18-19 aars alderen tok ho for aalvor til aa lesa Bjørnson og Ibsen, Brandes og dei franske filosofar.

Daa ho var ferdug fraa lærarinneskulen i Arendal, vart ho fyrst lærarinne i Aamlid halvtanna aar, og her fekk ho daa læra seg landsmaal. Ho hadde aldri lese ei landsmaalsbok fyrr ho var 17-18 aar. Den fyrste ho las var "Tengill Hovda" av Jens Tvedt, og i den boki tykte ho ordlagi var noko grovlagde stundom. Unge gjentor var ikkje so vane med sovoren lesnad i den tidi som dei er no, maavita, og dessutan var ho i uppvokstren tilhaldi aa tala "fint", d. v. s. dansk, og difor tykte ho nok desse bønderne hans Tvedt var drjuge i ordi.

Ho hadde elles longe sidan fenge godhug for det norske maalet. Det trur ho kom avdi ho stødt var i lag med nokre som berre dreiv paa aa avheidra det norske baade i tide og utide. Paa seinsten vart ho so sinna for all denne nedrakkingi at ho vart maalmann.

I 1892 vart ho gamall nok til aa koma inn paa lærarskulen, og ho hadde stor hug til aa fara; men so fekk ho post i Arendal, og so vart det ikkje noko av. Ho var daa sidan heile tidi lærarinne i heimebyen, alt til ho i 1898 vart gift med Knut Kvisli, som daa var lærar paa den flytjande amtskulen i Heidmork. Skulen var daa i Odalen, og ho flutte med mannen sin dit.

I 1900 vart Kvisli styrar for den faste amtsskulen i Storelvedalen, og so flutte dei dit. Der bur dei endaa, og attaat skulen hev dei ein part av garden Berger. Dei hev daa nokre kyr og ein svær flokk med hønor. Fru Kvisli hev og um vintrane nokre timar paa amtsskulen; ho gjev upplæring i mytologi og sjælelæra.

I fristunderne fær ho tid til aa skriva bøker og maala bilæte. Ja, for fru Kvisle er maalar au. Daa ho var reint ung hadde ho mykje større hug til aa maala enn til aa skriva, fortel ho. Det er mest landskap ho hev maala, og dei syner at ho hev ikkje so liten givnad i den vegen au. Ho hev millom anna maala eit stort bilæte fraa Storelvedalen med prestegarden, til eit ungdomshus der i bygdi. Eit par bilæte fraa Vegardsheidi er au gode.

Fru Kvisli er ogso med i ungdomsarbeidet i Storelvedalen. No er ho formann i ungdomslaget, og ho hev halde mange fyredrag der, hev fenge fleire spelstykke framsynte og meir sovore. Ho er ogso med i yverstyret for gamleheimen i bygdi, og ei stund var ho ogso med i skulestyret.

Ein skynar ho sparer seg ikkje naar det gjeld aa arbeida for sine hugmaal. Blid og hyggjeleg er ho i alt sitt lag, og svært smaalaaten naar det gjeld hennar eige arbeid.

"Naar ein skal vera kjerring paa ein gard og hev fleire born, so vert det fælt liti tid til skriving", segjer ho. "No tykkjer eg mest det er leidt at eg skal ha gjeve ut desse faae bøkerne, naar det ikkje vert noko meir."

Men fru Kvisli hev ingi skam av det ho hev skrive. Slike bøker som "Birgit" er god folkelesnad, og me fær ikkje for mange av deim. Og ho er ung enno, so ho fær vonleg enno gjeva oss fleire gode bøker, jamvel um det berre skal vera fristundsarbeid.

Det fyrste ho fekk prenta i "Den 17de mai" var songen: "Sygjenta syng", og han kom til jol same aaret ut med tone av prof. Monrad. "Eg elskar dei voggande tonar" var ogso fyrst prenta i "Den l7de mai" i 1898, og daa han sidan kom ut med tone av Chr. Lepsøe, vart han seld i upplag etter upplag. No hev han vel snart vore prenta i eit sneis upplag.

Fyrste boki hennar var "Birgit", som kom i 1907, og ho vart ogso sers godt motteki til eit fyrstearbeid aa vera. Det er ei tungsam soga; men det er ei god bok. Emnet er ikkje nytt; men fru Kvisli hev fortalt det paa sin maate, og boki er so velskrivi at lesaren er heilt med.

Forteljingi er fraa ei storbygd, og Birgit er dotter til den rike storbonden Sveinung Omland. Han er eit hardjarn som tenkjer berre paa aa slaa under seg meir jord og skog.

Birgit vert glad i Einar Mo fraa grannebygdi, og dei liver lukkeleg ein sumar ho er paa sætri. Men Sveinung vil ikkje vita av Einar; han hev longe sidan lova burt Birgit til "Jørund morbror", som er halvbror til kona hans. Berre paa den vis kann han faa i den gilde skogteigen hans Jørund, den som skjer seg beint inn i Sveinung sin eigedom.

Og Birgit er for veik til i lengdi aa trassa faren si jarnvilje. Daa det kjem ei slosa um at Einar Mo hev gift seg, so gjev ho med ein gong etter, utan aa røkja etter um det er sant. Jørund er god mot henne paa si vis; men ho vert aldri lukkeleg.

Daa dei hev vore gifte 7-8 aar, kjem den skræmelege tidendi at Einar hev skote seg. Han hadde vorte helseslegen av ein timberstokk, og sidan er han sjuk, gjeng stundom reint i villa. Og so heldt han det vel ikkje ut.

Straks etter vert Jørund sjuk, og Birgit lyt vaka yver han vika etter vika og stella han som eit barn, til døden kjem. Det er ei fæl tid for Birgit; men tanken paa vesle dotteri, Aslaug, bergar henne. For hennar skuld maa ho liva, og ho mognast av all sorgi og motgonga.

I 1911 sende fru Kvisli ut det vesle spelstykket " Ikkje vaksen". Ho Magnhild Storli, dotter til ordføraren i bygdi, hev vorte glad i Harald Laknes ("Laksko" kallar folk honom). Men han er ein dovning og ein drikkar, som berre er flink paa dansargolvet og ved drykkjebordet, som Halvor far hennar Magnhild segjer. Halvor vil likevel at Magnhild skal faa han, paa det vilkaaret at han synest han kann arbeida og slutta drikka. Men Harald greider ikkje prøvetidi, og Magnhild fær med eigne augo sjaa at han midt i arbeidstidi sit og sumlar og drikk og - kjæler med teneste-gjenta. Han var ikkje vaksen.

Det er lett aa spela dette stykket, og moralen er god; difor hev det ogso vorte framsynt minst eit par hundrad gonger i ungdomslagi rundt um i landet. I 1915 kom det i ei ny umvølt utgaava, og det hev vunne paa umvølingi.

Aaret etterpaa kom " Tora Dal" (1912), ei forteljing fraa ein smaaby. Denne boki er rake motsetningi til "Birgit" mest paa alle maatar. Tora Dal er foreldrelaus og vert fostra hjaa farsyster si. Daa ho er attan aar gamall kjem byfutfullmegt Berven til aa bu i huset hjaa deim. Han laaner Tora bøker og talar med henne um det som stend i deim. Ho er mykje i lag med Berven, og det er som ei ny verd opnar seg for henne. Kjærleiken vaknar; ho vert glad i Berven og gjev seg heilt yver til honom. Men han vil berre leika med henne ei stund, og naar han so er leid henne, gjeng han fraa henne og gifter seg med Ragna som hadde vore bestevenen hennar Tora.

Snart etter fer Tora til hovudstaden og lærer seg til sygjenta, og um ei stund finn me ho att uppe i ei avgøymd bygd. Her liver ho mange aar i sut og saknad, og lyt stræva hardt for aa berga seg og guten sin, som ho fekk straks etter ho var komi dit upp. Men Tora vert sterk og god, so alle likar henne. Kjærleiken til Berven riv ho heilt ut or barmen, men ho hyser ikkje hat til honom.

Han vert enkjemann, fær spurt henne uppe og vil gjera godt att. Men daa er det for seint; han er ein heilt framand for henne.

Denne boki er ei forvitneleg utviklings-soga, som gjev ein mykje aa tenkja paa.

Siste boki hennar er spelstykket " Elskhug og skoghandel" (1914). Det gjeng fyre seg i ei austlandsbygd, og det er soga um skogspekulanten Mads Geer som kjem upp fraa byen og vil narra storbonden Johan Uppstad med paa ein svær skoghandel, og desutan vil han freista faa tak paa dotter hans, ho Eldbjørg. Men ho Eldbjørg er glad i Fridgeir, gardsstyraren til far hennar. Det ser fyrst ut til at Mads skal faa Johan paa si sida; men so kjem det upp at han hev fare med lygn og fanteskap, og so er han snart ferdug der i garden. Det er elles ogso innfletta i spelet elskhugssoga millom Staale, sonen paa garden, og Aslaug tenestegjenta. Og baae elskhugssogorne "gjeng som dei skal".

Det er eit hugnadsamt lite stykke, og det hev vore mykje spela i ungdomslagi, kanskje mest paa Austlandet der det høver best.

Fru Kvisli hev visst ikkje spunne silke paa bokskrivingi si, ho meir enn nokon annan norskmaalsbokmann. Soleis hev ho ikkie fenge ein øyre av den innkoma spelstykki hennar hev gjeve ungdomslagi som hev synt deim fram. Dette er ikkje rett. Ungdomslagi burde hugsa bokskrivaren med ein lut av innkoma. Det er ikkje meir enn deira skyldnad. Men ein ting veit eg at fru Kvisli hev naatt med bøkerne sine; ho hev vunne seg mange vener millom norsk ungdom, og det trur eg nok at ho tykkjer likso gildt um. Likevel lyt me maalfolk ein gong læra aa stydja deim som gjev oss det beste dei eig. Me lyt ogso læra aa kaupa norske bøker. 


Frå Anton Aure: Kvinnor i den nynorske bokheimen. Stutte livsskildringar. Kristiania: Nikolai Olsens Prenteverk 1916. Elektronisk utgåve 1996 ved Jon Grepstad