Marta Steinsvik

(Biografi, 1916)

Av Anton Aure

 

Ei sers vigtug grein av den norske maalreisingi er det aa faa umsett paa norsk dei beste bøkerne i den utanlandske bokheimen.

Skal eit folk halda seg paa høgd med si tid, so kann det ikkje stengja seg ute fraa dei straumdrag som ovrar seg ute i den store verdi. Det eine folket maa læra av det andre; tankar og meiningar maa utskiftast og umformast slik at dei høver med folkelyndet i kvar einskild nation.

Men no er det helst gjenom bokheimen at ein slik paaverknad kann ganga fyre seg, og difor hev det sers mykje aa segja for eit folk aa faa umskrivne dei store diktarverki ifraa storbokheimen. Me ser daa og at baade Ivar Aasen og Vinje og fleire av dei som tok til med aa reisa ein nynorsk bokheim, hev havt dette klaart fyre seg. Dei tok baae til med aa umskriva ymist av dei beste skaldane ute i verdi (Schiller, Byron). Sidan hev me fenge sumt av Shakespeare, Goethe o. fl., so me er daa komne eit stykke paa veg.

Men det er ikkje berre diktverki ein maa faa umskrivne. Dei vert no likevel berre for dei mest upplyste, endaa um ein hev dei paa folket sitt eige maal. Det hev difor ogso stort verd aa faa umskrivne dei beste forteljingar og romanar ifraa den framande bokheimen. Ogso mange av dei kann bera fram nye tankar og dryfta store spursmaal; men dei gjer det i ei lettare form, slik at alle kann fylgja med og alle vil lesa deim.

Av dei beste utanlandske forteljarane hev me no alt fenge ein god slump bøker paa norsk maal. Og den som hev skrive um dei fleste av desse bøkerne, det er fru Marta Steinsvik. Difor lyt ho ha eit stort rom millom norskskrivande kvinnor, endaa ho ikkje enno hev gjeve ut meir enn ei bok som ho sjølv hev sett ihop.

Marta Steinsvik er fødd 23de mars 1877 paa garden Skjeggestad i Bakkesokn ved Flekkefjord. Faren Torkell Tonstad var fødd i Siredalen, men var den tid lærar i Flekkefjord. Han aatte ogso garden Skjeggestad, og her var Marta til ho var tri aar gamall. Mori Ingeborg var ogso fraa Tonstad, og baae var av svært gamle bondeætter.

Daa Marta var fem aar gamall fekk faren lærarpost i Mandal og flutte dit. Her voks ho daa upp og gjekk paa skule til ho femtan aar gamall tok millomskule-eksamen. So kom ho til Oslo i 1892 og gjekk paa Ragna Nielsens skule, der ho tok artium tvo aar etterpaa.

Paa den tidi vart ho ogso maalmann, og tok straks etter til aa skriva i "Den 17de mai", som hadde teke til aa koma ut same aaret (1894).

I 1895 vart ho sekretær i "Kringsja", som i denne tidi daa Tambs Lyche styrde det, var eit av dei alra beste tidskrift som kom ut her i landet. Samstundes studerte ho medicin og tok andreeksamen i 1895.

Ho hadde ogso sterke politiske hugmaal og fylgde livande med i desse aari daa den politiske striden var so uvanleg kvass. Det segjer seg sjølv at ho var aa finna i den mest radikale flokken. Dei politiske hugmaali hadde ho elles med seg heimanfraa; for faren var svært radikal vinstremann. Daa han kom til Mandal var det høgre som raadde grunnen; men Tonstad vart snart føraren for vinstre i byen, og daa dei hadde fenge magti vart han ordførar der. Dei fremste vinstremennerne i byen vanka daa mykje i heimen hans, so den unge gjenta hadde godt høve til aa høyra paa det politiske ordskiftet. 

Daa ho var umlag 17 aar gamall vart ho teosof, og det hev ho vore heile tidi sidan. Ikkje soleis at ho er samd i alle dei teosofiske teoriarne; ho gjeng ofte sine eigne vegar. Teosofien er ikkje nokon serskild religion; men han gjeng ut paa aa finna kjernen i alle religionar. Difor kann folk fraa alle religionssamfund vera teosofar, og det gjeld daa serleg aa granska nøgje sin eigen religion, men samstundes sjaa aa finna det gode i dei andre. Teosofarne held difor teosofien for aa vera ei utdjuping av kristendomen.

Fru Steinsvik las overlag mykje i ungdomsaari. Bjørnson og Ibsen, Goethe og Shakespeare las ho i student-aari, og desse diktarane hadde mykje aa segja for hennar aandelege utvikling. - Naar ho tok til aa studera medicin, so var det ikkje avdi ho hadde so sers stor hug til aa verta lækjar, men avdi det var mest som ein mode i den tidi at alle kvendelege studentar skulde gaa lækjarvegen. 

Den 16de mai 1896 vart ho gift med Rasmus Steinsvik, som ho hadde vorte kjend med alt i student-aari. Steinsvik hadde nokre aar fyrr fare land og strand og samla 5-kruningar til det nye maalbladet sitt, og fraa 1894 gav han so ut "Den 17de mai". Det var nok ikkje so feite dagar; men likevel hadde han no so god tru paa framtidi at han vaaga aa gifta seg. Og frua vart til stor hjelp i bladstyret og. Det var i røyndi tanken at ho skulde ha halde fram med aa studera etter ho var gift òg; men det vart det ikkje noko av. Ho fekk snart nok aa gjera i bladet, og so tok borni til aa koma.

Det var tronge tider for "Den 17de mai" den gongen; for det heldt daa paa og skulde arbeida seg upp for verste brauti, og korleis Steinsvik og frua sleit og stræva i desse aari er det vel faae som hev greida paa.

"Det var ofte slik at naar me hadde sendt ut eit nummer, so visste me ikkje um det næste kunde koma ut, og i den eine vika visste me slett ikkje um me hadde noko aa liva av næste vika" segjer fru Steinsvik.

Hennar arbeid i bladet var mest aa umsetja utanlandske forteljingar som gjekk til utklipp eller "kjellar", og frametter aari hev ho umskrive ei mengd med bøker av dei mest kjende utanlandske bokmenner. Eg skal sidan nemna noko meir um dette arbeidet. Dessutan skreiv ho mange bokmeldingar og interview, og naar Steinsvik ein hende gong tok seg ei fritid og drog paa ferd, so styrde ho heile bladet. Og attaat dette skulde ho styra huset og stella borni, som det gjerne kom eit av til kvart aar mest. 

I 1902 tok ho til aa studera att, og det var daa gamle spraak ho la seg etter. Fyrst og fremst gamall-egyptisk, men ogso hebraisk, aramæisk og sanskrit. Dette var daa serleg fordi ho vilde granska dei gamle religionarne. Og i desse ting hev ho drive det sers langt.

Sidan hev ho fleire gonger vore utanlands og studera meir i desse greiner. Fyrst var ho til Berlin og München i 1909 og 1910, og i 1912 studerte ho ei tid ved Londons universitet. Her fekk ho daa tilbod um aa verta med paa ei ferd til Egyptaland og granska meir; men so vart eit av borni sjukt, og so maatte ho reisa heim.

I 1913 var ho ei tid i Kjøpenhamn og høyrde fyrelesningar av den vidgjetne professorenWaldemar Schmidt, og han gjev fru Steinsvik dei lovordi at "hun besidder en dybtgaaende Kundskab i den gammel-egyptiske Litteratur og Sprog." Her studerte ho ogso assyrisk maal og den gamle assyriske kileskrifti.

No i sumar hev ho daa fenge rom i den egyptiske deildi paa det etnografiske museum i Oslo. Her skal ho serleg tyda gamle egyptiske innskrifter.

Ho hev ogso reist rundt og halde fyredrag, og ho var den fyrste kvinna i Norig som tala forsvarssaki. I 1908 var det ein kvinne-kongress paa Litlehamar, og der heldt ho sitt fyrste fyredrag. Emnet var "Kvinna og forsvaret". Ho fær i "Urd" dei lovordi at fyredraget vart "fremsagt med en tændende begeistring og sjelden veltalenhed."

Der var utsendingar fraa heile landet, og dei bad henne koma rundt og halda same fyredraget. Det gjorde ho, og var heilt til Hammarfest i 1909. Sidan hev ho ogso reist rundt og tala i folkeakademi og ungdomslag.

I 1910 kaupte ho tidskriftet "Kringsjaa", som gjekk og drogst med dauden. Ho styrde det paa den maaten, at det skulde vera halvparten paa nynorsk og halvparten paa dansknorsk. Men daa eit halvt aar var gjenge, laut det slutta; for driftsmedelen var for liten, og tingartalet var ikkje stort nok til aa bera heile kostnaden med ein gong, endaa det gjekk fram fraa 1200 til 1800 paa dette halvaaret.

Riksmaalsfolket kunde ikkje tola at det vart noko nynorsk i tidskriftet, og norskmaalsfolket gjorde heller ikkje nok til aa stydja det. Men den vidgjetne engelske bladmannen mr. William Stead skreiv eit langt gildt stykke um "Kringsjaa" i det engelske tidskriftet "Review of Reviews". Her kjem han med sers sterke lovord um det norske landsmaalet, kor vænt og klangfullt det er.

Det er uraad her aa tala noko sers um alle umskrifterne fru Steinsvik hev gjort. Eg fær nøgja meg med aa nemna dei som er utkomne i bok.

Den fyrste boki ho sende ut var "Eventyr" av Wilhelm Hauff (1896). Desse eventyri høvde framifraa til barnelesnad, og so lite me hev paa norsk av det slaget kjem det vel med aa faa noko av det beste i den framande bokheimen. Det var berre tridjeparten av Hauffs eventyr i denne boki; og ho er no longe sidan utseld; men no hev fru Steinsvik umskrive dei alle, og me fær vona at dei snart maa verta utgjevne. 

Same aaret kom "Zarens kurer. Reiseeventyr fraa Moskva til Irkutsk" av Jules Verne, og "Ben-Hur. Ei forteljing um Kristus" av Lewis Wallace. Den fyrste hadde Rasmus Steinsvik vore med og sett um. Det same er elles aa segja um sume av dei som kjem sidan au. 

Aaret etter kom "Naasiglaren eller den fljugande hollendaren" av Kapt. Marryat, og i 1898 "Japhet paa leiting etter far sin" av same bokskrivar og "Kaptein Nellik" av Ponson du Terail. Likeins "Draumar' av Olive Schreiner.

I 1899 kom "Eirik Bjartauga. Ei forteljing fraa det gamle Island" av H. Riider Haggard og "Folkeliv i Paris" (Paris mysterier) av Eugene Sue. Aaret etter "Kong Tvimenning I" (Fangen paa Zenda) av Anthony Hope, og "Kong Tvimenning II. Um Rupert av Hentzau" av same bokskrivaren.

I 1902 kom dei forteljingarne fru S. sette um i fylgjebladet "Laurdagskvelden"; men ei av dei kom aaret etterpaa i serskild bok. Det var den storlagde historiske romanen fraa Nero-tidi "Kvar gjeng du?" (Quo vadis?) av den verdskjende polakken Henryk Sienkiewicz. Denne boki hadde vorte umsett paa alle andre maal i Europa, og me kann vera glad for at ho no kom paa norsk au.

I 1903 sette ho ogso um "Pilegrimsferdi" av John Bunyan, og i 1904 "Ivanhoe" av Walter Scott og "Maaneglytt ei uversnatt. Ei japansk soge um synd og elsk" av Baki.

Sidan er kome "Jeane d'Arc" av Louis de Conte ved Mark Twain (1905. Ny utg. 1913), "Kleopatra", av Riider Haggard (1907), "Jerusalem I og II" av Selma Lagerløf (1909), "Ein liten adelsmann" av Fr. H. Burnett (1909), "Løyndegangen" av Anthony Hope (1911) og "Talismanen" av Walter Scott (1913).

Berre denne upprekningi kann gjeva oss ein tanke um det store arbeidet fru Steinsvik hev gjort i den nynorske bokheimen. Naar me hugsar paa at dei fleste av desse bøkerne er 3-4 hundrad sidor, stundom 5-6 hundrad, so skynar me at det er ikkje smaa-arbeid aa umsetja dei. Og naar me no hev fenge so mange sovorne bøker at norsklynd ungdom ikkje treng aa laana dei danske umskrifter, so skal fru Steinsvik ha største æra for det.

Eg kann og nemna at ho hev skrive um skodespelet "Meinsvoren" av austrikaren Anzengruber til det norske teatret. Men det er ikkje kome i bok.

Av eigne arbeid hev ho ikkje enno gjeve ut anna det vesle spelstykket "Nordan um folkeskikkeneller ei leikstemna til fjells. Radl i 1 vend av Erp" (1901). Dette spelstykket er skrive med den tanken at det skal høva til aa spela ute i fri luft. For fru Steinsvik hadde set at dei i Danmark brukte aa syna fram slike smaastykke ute, og so meinte ho at dei norske ungdomslagi kunde freista paa det same.

No hev ho skrive eit større drama med emne fraa det gamle Egypt. Det skal koma ut samstundes paa norsk, dansk og tysk. "Prins Nofr-Hotep og prinsesse Rudhranes. Ei mysterie-innvigjing i Gamal-Egypt", heiter det, og vonleg kann me venta det kjem ut i den næraste framtidi. So fær folk sjaa kva som 1øyner seg attum dette "mystiske" namnet. 

Nokre forvitnelege utgreidingar som ho hev skrive um dei gamle religionarne burde og koma ut i bokform.

No i haust gjev ho ut ei skrift um "Kvinna og preste-embætti", og desutan eit utval av Rasmus Steinsviks skrifter med ei livsskildring av Steinsvik.

 


Frå Anton Aure: Kvinnor i den nynorske bokheimen. Stutte livsskildringar. Kristiania: Nikolai Olsens Prenteverk 1916. Elektronisk utgåve 1996 ved Jon Grepstad