Kvinnor i den nynorske bokheimen. Stutte livsskildringar

(Biografiar. 1916.) Om Aasta Hansteen, Bolette C. Pavels Larsen, Hulda Garborg, Marta Steinsvik, Karen Grude Koht, Petra Kvisli, Jenny Arnesen og Ragna Ryther

Kvinnor i den nynorske bokheimen. Stutte livsskildringar
Av Anton Aure

Fyreord.

Desse stutte livssogorne som fyrst hev stade i "For Bygd og By" er berre brotstykke or eit større arbeid um alle dei nynorske bokmennerne. Dei gjev seg sovisst ikkje ut for "litterær gransking"; eg hev berre vilja fortalt um desse kvinnor sitt liv og arbeid, so stutt som raad er - utan aa gjera det alt for turt og keidsamt.

Eg tenkte dei kanskje kunde vera til hugnad for norsklynde ungdomar som lite eller inkje kjenner til den norske maalreisingssoga. Det er gjerne einkvan som ogso tykkjer mun i aa lesa um dei kvinnor som hev stade fremst i striden for norskt maal.

Naar eg sender ut desse sogorne i serprent, so er det fordi sume hev bede meg um det. Og skulde det syna seg at ungdomen gjerne vil ha meir av same slaget, kann truleg heile den nynorske bokmannssoga koma med tidi.

Anton Aure.

Aasta Hansteen
Bolette C. Pavels Larsen
Hulda Garborg
Marta Steinsvik
Karen Grude Koht
Petra Kvisli

Jenny Arnesen
Ragna Ryther

[Etterord:]
Nokre andre kvinnor som hev skrive bøker paa norsk maal fær eg berre nemna. Brita Bjørgum fraa Voss gav i 1895 ut ei forteljing: "Kari Lidi", Olga Tufte fraa Seljord spelstykket "St. Hansdraum" i 1904, Helga Heggtveit spelstykket "Ved midsumartid" i 1905, Martine Strømme fraa Romsdalen gav ut "Blaasymra", ei samling smaastykke i 1911, Astrid Langjord fraa Vefsen spelstykket "Trygding" i 1913, Marie Unneberg forteljingi "Rannveig" i 1915 og Marie Eidshaug fraa Namdalen diktboki "Dogg" i 1915.
 

Frå Anton Aure: Kvinnor i den nynorske bokheimen. Stutte livsskildringar. Kristiania: Nikolai Olsens Prenteverk 1916. Elektronisk utgåve 1996 ved Jon Grepstad