Karen Grude Koht

(Biografi, 1916)

Av Anton Aure

Karen Grude Koht
Den kvinna me her skal fortelja um høyrer ikkje til dei "skjønlitterære" bokskrivarar, og ho er kanskje difor mindre kjend millom ungdomen enn ho er verd aa vera. For ho hev likevel gjort eit godt og verdfullt arbeid med det ho hev skrive i bøker og blad.

Det er mest med skulebøker og folkeskrifter ho hev arbeidt. Den abc-boki ho gav ut i lag med bispen Støylen er no vel ikkje so lite kjend. Men det er faae som veit um at fru Koht ogso hev gjort eit stort arbeid med den norske leseboki av Rolfsen og Støylen. Det var ho som gjekk igjenom den nynorske bokheimen og valde ut dei stykke som kunde vera høvelege til ei lesebok for barneskulen. Og at det ikkje var noko lite arbeid kann kvar og ein tenkja seg.

Elles er mykje av det fru Koht hev skrive spreidd i blad og tidsskrift. Me skal seinare nemna noko av dette. 

Karen Grude Koht er jærbu. Ho er fødd 16de november 1871 paa Brueland i Høiland. Far hennar, M. A. Grude, var lensmann og aatte gard paa Jæren. Han er kjend for skogplantingi si, og er elles ein mann med mange hugmaal, praktiske og politiske. Mori, Anna Grude, f. Mossige, var ei sterk kvinne med eit djupt religiøst livssyn. Ho var dotter til den velkjende stortingsmannen, lensmann Ingebreth Mossige, som sat paa tinget i mange aar og var ein dugande og velvyrd mann. Elles hadde ogso baade farfaren og mori sin far-far vore tingmenner.

Det hev soleis alltid vore sterke aandelege hugmaal i ætti; men det var ei konservativ ætt. Dei var elles framgangsfolk i alt praktisk arbeid; men konservative i livssyn og meiningar.

Karen voks upp og budde i heimen til ho var 22 aar gamall. Ho gjekk fyrst paa skulen i heimbygdi og sidan paa Sandnes. Paa baae desse sta derne brukte ho bygdemaalet i tale, men fekk aldri skriva eit ord paa landsmaal. Ho hadde elles tidleg lært seg aa tala bymaal au - slik som skikken var millom embættsfolki - og brukte det naar ho tykte det høvde.

Men daa ho kom paa millomskulen i Eikersund, laut ho alltid tala bymaal, og fraa den tidi hev det vore det vanlege maalet hennar.

Som ventande var, fekk ho ingen godhug for maalsaki i heimen. Det var fyrst daa ho 18-20 aar gamall vart brennhuga vinstremann - uppglødd som ein kann vera i dei aari - at ho ogso fekk auga paa maalsaki. Fyrst var det unionspolitikken, røysteretten, kvendesaki o. dl. som tok henne sterkast. Men sidan voks ogso maalsaki for henne, so ho smaatt um senn tok til aa skriva norsk maal sume tider. Daa kom det vel med at ho hadde havt eit so godt bygdemaal i barneaari.

Daa ho var ferdug med skulegonga i Eikersund, vart ho fyrst huslærar hjaa ein prest, sidan folkeskulelærar i Sandnes. Men so for ho til Oslo og gjekk paa gymnasiet hjaa Ragna Nielsen. Her vart ho so student i 1894, og aaret etterpaa tok ho andreeksamen. I 1896 tok ho so seminarprøva for studentar.

I millomtidi hadde ho vore lærar i Sandnes; men vaaren 1896 fekk ho plass ved folkeskulen i hovudstaden og flutte dit for godt. Ho las daa ei tid matematik og tenkte aa taka real-eksamen Det var no ingen hjartetrong for henne; men ho laut alltid syta for seg sjølv, og det var ei sers god umframt- innkoma aa gjeva upplæring i matematik.

I desse aari var ho utruleg mykje med i "Studentsamfundet", i Frisindet studentforening, stundom i "Fram"- so hadde ho lærarpost ved folkeskulen, elevar i matematik, og sjølv studerte ho; men endaa fekk ho tid til aa ha mange vener og mykje moro, fortel ho. Men so vart det au noko stridt, so det sistpaa tok paa helsa.

Hausten 1898 vart ho so gift med Halvdan Koht, og straks strauk dei utanlands - til Paris. Ho fortel sjølv um denne ferdi:

"Til Paris med eit lite stipendium! Me var galne, totte vituge folk. Men me var unge og glade studentar, og som studentar levde me i Paris. Uppe i Quartier Latin paa ein hybel med eit skralt kokeapparat og dei aller mest naudturvelege husgogner. Men som eg levde der! Saug inn kunst og lærdom og storbyen - eg veit ikkje noko aar som soleis har latt meg kjenna koss eg vaks. Koss verdi opna seg for meg, koss nye syner strauk framum, koss ein frisk vaarvind bles inn over meg - eg totte det spratt.

Eg vart innskrevi som student ved Sorbonne, gjekk og høyrde boksoga hjaa Larroumet, Faguet, Gaston Paris og fleire lærde og aandfulle professorar. Skulesoga og pædagogik hjaa Ferdinand Buisson, vicerektor ved universitetet - seinare vart han skuleministar. Han gav meg 1øyve til aa vitja skularne i Paris. Eg nytta dette høve, og røkte serleg etter korleis dei gav upplæring i naturfag.

Eg levde i kunstsamlingarne i Louvre og Luxemburg, eg fekk ein kjærleik til fransk og hollandsk kunst som enno er livs levande. Matematikstudiet fekk avskil paa graatt papir - her var den verdi eg høyrde til i".

Det var nok ei minnerik tid dette. Det segjer seg sjølv at ho ogso var paa teatri i Paris, og her fekk ho sjaa dei store franske syrgjespeli, komedierne aat Moliere og dei moderne drama.

Elles er det ikkje berre fraa Frankrike at fru Koht hev rike minne. Ho hev ogso vore i mange andre land. Paa ferdi til og fraa Paris stogga dei i mange byar i Holland og Belgia og tok med seg mange minne fraa desse rike smaalandi. I 1908 budde dei 1/2 aar i England - i London, Oxford o. fl. stader.

Fleire gonger hev ho vitja Stockholm og Kjøbenhavn. I Stockholm likte ho seg utifraa godt; for der var so mykje fin bygningskunst, so mykje gamall kultur.

Ho heldt enno ved med skulearbeidet nokre aar etter ho var heimkomi fraa Paris-ferdi; men so kjende ho seg ikkje fullfrisk og maatte slutta. Det var ikkje med lett hjarta ho det gjorde; for skulearbeidet hev alltid vore hennar gildaste arbeid.

I fyrstningi hadde ho likevel mange matematikelevar; men etter kvart tok skrivingi meir og meir tid, so ho tilsist hadde nok med det. Fyrst i dei seinste aari hev ho teke til med skulearbeid att. Soleis var ho lærar i norsk paa Eidsvoll folkehøgskule den fyrste vinteren skulen gjekk (1908-09), og andre vinteren i soga og rekning. No hev ho nokre timar - pædagogik og samfundslæra - ved Statens lærarinneskule paa Stabæk.

Det fyrste ho skreiv paa nynorsk var nokre Jærbrev i "Den 17de mai" i 1895. Og medan ho var i Paris skreiv ho heile tidi brev til same bladet. So finst det ogso nokre smaating ho hev skrive i "Norsk barneblad" og "Symra" (1902-03).

Men mest hev ho skrive i "Syn og Segn", sumt er umsett og sumt eige arbeid. Det meste av det ho hev skrive der er um kunst og bokavl, og ymist av det er nybrotsarbeid aa kalla; for det var lite skrive paa norsk um sovorne emne fyrr.

Ho hadde i heile ungdomen lese mykje boksoga og moderne litteratur, etter ho vart gift las ho meir, serleg boksoga, kunstsoga og mykje baade or gamall og ny bokheim.

I dei aari var ho aa kalla fast medarbeidar i "Syn og Segn", som Rasmus Flo og Halvdan Koht, mannen hennar, den tid styrde. Av det ho skreiv der kann nemnast stykke um "Rubens og Rembrandt" (1901) fraa fransk etter Eugene Fromentin. "Gamall prydkunst og kjempedikting", fraa tysk etter Karl Lamprecht, "Det irske maalstrævet" fraa engelsk etter Francis A. Fahy" (baae (1902), "Maalaren Thomas Fearnley", "Jonas Lie" (av henne sjølv), "Framgangslogerne", etter Herbert Spencer, "Arbeidsfolk og arbeidsgjevar", fraa svensk etter Knut Wichsell (alle i 1903). "Runeberg" av henne sjølv (1904), "Rusland framfyre umveltingi" etter fleire utlendske kjeldor (1905).

Umframt desse større stykki hev ho skrivi ei mengd med bokmeldingar i same tidsskrifti framigjenom fleire aar. No er ho atter fast bokmelder der. Fraa dei siste aari maa ogso nemnast eit stykke um den vidgjetne engelske kvinna Florence Nightingale (1913). Ho var ogso ei tid bokmeldar i "For Kirke og Kultur", og det var mest dei nynorske bøkerne ho melde der.

Det fyrste ho gav ut i bokform var den vesle folkeskrifti " Gjer heimen din fager", umsett fraa svensk etter Ellen Key (1903). Ho tykte heimarne mang ein gong var so uheimslege, og ho fann so mykje ukultur i husbunad og stas som dei prydde romi sine med. Daa ho so hadde fenge tak i denne vesle boki av Ellen Key, bad ho um lov til aa umsetja ho til norsk. Det fekk ho, og so kom daa boki ut millom "Norske folkeskrifter". Og ho hev vorte so umtykt at ho er utkomi i fleire upplag.

I 1908 sende ho ut ei ny folkeskrift som heitte " Kvinnearbeid". Det er ei bok med gode rettleidingar til unge gjentor som skal velja seg eit livsyrke, men ikkje rett veit kva dei skal taka seg til. Boki gjev greida paa dei ymse arbeid som kvinnor kann gjera, kva upplæring som trengst og kva vilkaar som ventar. Fru Koht var den fyrste sekretæren i "Norske kvinders Nationalraad", og det var medan ho arbeidde der ho sanka tilfanget til denne folkeskrifti.

Men den boki ho hev lagt det beste av seg sjølv i, er den ABC-boki " Mi fyrste bok" som ho gav ut i lag med bispen Støylen (1909). Den boki er skrivi paa barneminni, og alt det gode og gilde fraa hennar eigne barneaar er vove inn i smaastykki og reglorne der. Det var Nordahl Rolfsen og Moltke Moe som fekk henne til aa skriva denne boki, og baae var sers velnøgde med arbeidet. Det er daa au ei so fin og gild bok, at borni vert glade i henne, og det er no hovudsaki.

I 1913 sende ho so ut " Naar jordi øydest" av Rene Bazin. Det var ei fin og god fransk bondeforteljing som ho her hadde umskrive paa norsk. Um umsetjingi er det visst berre godt aa segja. Maalet er godt og greidt norsk, og stilen er lett og endefram som det bør vera i ei bondeforteljing. Ein skulde au tru at boki hadde ein mission aa gjera millom norsk bondeungdom. Ho fortel um korleis det gjeng naar ungdomen ikkje lenger vil arbeida paa jordi, men reiser ut til byen eller til Amerika, so dei gamle vert sitjande einslege att. Inn i denne forteljingi er fletta ei hugtakande kjærleikssoga.

Det er fyrr nemnt at fru Koht hev samla tilfanget til den nynorske lesnaden i Rolfsen og Støylen si lese lesebok. Det var eit stort arbeid, men eit gildt arbeid, segjer ho; for det gav henne eit kjennskap til allslags landsmaalslesnad som ho elles ikkje hadde fenge.

Paa dansk hev ho skrive mykje frametter aari i mange blad; men det høyrer ikkje med her aa tala um det.

I mange aar var ho fast skrivar til "Helsingen Sanomat" - hovudbladet for ungfennomanarne - som kjem ut i Helsingfors. Men daa krigen kom, vart det slutt med det.

Fru Koht hev ogso halde ei mengd med fyredrag. Fyrste fyredraget heldt ho daa ho var reint ung paa eit amtslærarmøte paa Sandnes i 1891. Det var den brennhuga læraren hennar M. K. Aarnes som fekk henne til aa tala.

"Han staar eg i stor takkskuld til paa mange maatar", segjer ho. "Fyrst gjekk eg i skule hjaa han, og sidan var eg medlærar ved skulen. Han var ein uppglødd maalmann, so han har brøytt veg for maalsaki hjaa fleire enn meg".

Seinare utigjenom aari hev ho halde fyredrag mange stader - i ungdomslag og kvendelag, i folkeakademi og skulemøte. Det kann nemnast at ho tala um lærarløner ved "det nordiske kvinde sagsmøde" i 1902, og um same emnet paa eit lærarmøte i Bergen 1908.

"Qvinnoklubben" i Stockholm bad henne koma dit og halda eit fyredrag i 1902. Ho fekk velja emne sjølv, og so tala ho daa um "Den norske maalsaki". Etter fyredraget kom ei gamall staseleg svensk dame burt til henne og sa: "Ni talar så varmt att man kjænner sig ofvertygat emot sin vilje".

I 1913 var ho atter i Stockholm og tala daa um Camilla Collet.

Ho tykte ikkje ho kunde tenkja den tanken at borni deira skulde veksa upp paa gata, og so bygde dei seg sin eigen heim paa Lysaker utanfor byen. Framifraa fint ligg han uppe paa haugen millom dei store trei, og norsk er han alligjenom, baade utanpaa og inni. Alt vitnar um at det er heilhuga norskdomsfolk med fin kunst-sans som hev skapt denne heimen.

"No fell meste arbeidet mitt i heimen", segjer ho. "Mann og born og hus og hage -- eg tykkjer eg hev henderne fulle. Men naar helsa er god er det uraad aa "halda seg berre i teltet". Daa er det eitkvart som ropar paa meg, og eg maa bruka munn eller penn. Men det vert mest berre stumpearbeid, litt her og litt der".

Me fær berre ynskja at fru Koht endaa i lang tid fær ha helsa og heppa til aa bruka baade "munn og penn", so kann me vera viss paa at "stumpearbeidet" nok vert skøytt ihop til noko heilt og godt, som vil vera til gagn for folk og fedraland.
 


Frå Anton Aure: Kvinnor i den nynorske bokheimen. Stutte livsskildringar.Kristiania: Nikolai Olsens Prenteverk 1916. Elektronisk utgåve 1996 ved Jon Grepstad