Hulda Garborg

(Biografi, 1916)

Av Anton Aure

Hulda Garborg
Den mest vidgjetne og den folkekjæraste av alle dei kvinnor som hev skrive bøker paa norskt maal er vel utan tvil fru Hulda Garborg. Med bøkerne sine hev ho vunne seg eit godt rom i den nynorske bokheimen, og med heile sitt arbeid hev ho vunne seg hjarterom hjaa all norsklynd ungdom i landet. For det er no fyrst og fremst millom ungdomen at fru Garborg hev gjort sitt største og beste arbeid. Og rundt i landet er det tusundtal av ungdom som takkar henne for storgjævt verk. Det er difor heller ikkje aa undrast paa, at daa eit ungdomsblad for nokre aar sidan bad tingarane sine segja kva for ei norsk kvinna dei helst vilde ha livssoga til i bladet, so vart svaret mest samrøystes: Hulda Garborg. Og bladet var ikkje eit maalblad.

Dette syner greidt nok kor stor vyrdnad og kjærleik ho hev vunne seg millom Norigs ungdom. Sjølv er ho daa ogso enno like ung og frisk i hug og haatt, endaa leikar ho i lag med ungdomen som den sprækaste ungmøy. Og likevel hev ho no i snart ein mannsalder stade fremst i striden for eit fullnorskt Norig i alle leider.

Ho hev havt mange og store hugmaal. Var det noko norskt som skulde kjempast fram, - norskt maal, norsk mat og norsk klædebunad, norske leikar og dansar, norskt teater - alltid var fru Garborg i brodden.- Og enno arbeider ho like trutt for desse hugmaali sine.

"No lyt du snart læra aa svara nei," segjer Garborg til henne.

Men fru Garborg kann ikkje svara nei, naar ungdomen bed. Er det eit ungdomslag langt uppe i Hallingdal som skal ha seg eit skeid i folkeviseleik, so er det ikkje lang stundi aa bida fyrr ho tek avstad.

Det er reint uraad i ei slik stutt skildring som dette, aa gjeva eit nokolunde heilt bilæte av eit so rikt og mangslunge arbeidsliv som fru Garborg sitt. Me fær berre nemna noko av det vigtugaste og taka fram nokre stutte drag or livssoga til denne merkelege kvinna.

 

 

Hulda Garborg er fødd paa garden Saastad i Stange 22de februar 1862. Faren, overretssakførar Christian Fredrik Bergersen paa Hamar, aatte den gongen Saastad. ætti hans var fraa Solør. Han skulde vera ein sers dugande sakførar og hadde gode talegaavor. Folk fortel at det var reint moro aa høyra han paa tinget.

Morsætti er komi fraa Bøhmen. Ho kom til Norig daa Hadelands glasverk vart grunnlagt og der vart innkalla bøhmiske folk som kunde glasmeisterkunsti. Mormor til fru Garborg aatte endaa nokre serskilt fine glas fraa Hadelands glasverk. Ho hadde fenge dei av si mor daa ho skulde gifta seg.

Hulda gjekk fyrst paa "Kristian Gløersens pikeskole" paa Hamar. Denne mannen som hev vorte so vel kjend for dei gode bøkerne sine fraa skog og mark, var ein framifraa lærar i naturfag. Fru Garborg segjer at han lærde henne aa sjaa naturi, og botaniktimarne som dei hadde ute i dei herlege skogarne og ved strandi utyver ved domkyrkjeruinarne, minnest ho enno med hugnad.

Spraaklæraren hennar var den kjende løytnant Broch.

Ho kom til Kristiania med mor si daa ho var umlag 13 aar gamall, og vart konfirmera i Vestre Akers kyrkja av Gustav Jensen.

Daa ho var reint ung vilde ho verta skodespelar, og las ei tid med skodespelaren Isaksen som i den tidi var ein kjend lærar for folk som vilde den vegen. Men arbeidet tok snart all hennar tid. Faren som ein gong var ein velhalden mann, miste alt han aatte daa ho var reint liti, difor maatte ho tidleg sjaa seg um etter noko ho kunde tena pengar med. Ho kom daa i forretningi til den trauste heidmarkingen Mikkel Dobloug, som var ein ven av folket hennar.

Dobloug var radikal vinstremann og den fyrste som selde reine flagg i hovudstaden, difor vart han i den tidi mykje kalla "Flagg-Dobloug". Flaggstriden var heit i dei dagarne.

Fru Garborg vart minst likso radikal som Dobloug. Ho var mykje med i politiske møte i Arbeidersamfundet. Der fekk ho au høyra Bjørnson sine fyredrag um "Folkesuveræniteten" og "Kongedømme og republik". Fraa den tid var ho gloraud republikanar.

Ho las ogso svært mykje i denne tidi. Fyrst var det no Bjørnson og Wergeland, men snart vart det mest dei russiske forfattarane, som den gongen hadde so mykje aa segja for ungdomen i alle land. Turgenjevs "Det unge Rusland", var lenge hennar kjæraste bok. (Sjaa det ho sjølv hev fortalt um dette i "For Bygd og By" nr. 6 for 1915).

So vart ho maalmann og gjekk paa maalskule hjaa Ivar Mortensson. Um korleis det gjekk til hev ho sjølv fortalt i "Den 17de Mai" nr. 2 for iaar." Andreas Hølaas, den radikale statsrevisoren og maalmannen - seinare fut i Sætesdalen - hadde sagt meg, at eg som var vinstremann og nihilist og alt som godt var, eg maatte verta maalmann og. Og ein kveld me møttest i Arbeidersamfundet, der alt politisk liv i den tidi var samla, gav han meg den norske umsetjingi si av Peter Schlemihl og rettleidde meg i maalspursmaale. Endelykti vart at eg vilde læra landsmaal paa timen og melde meg paa skeidet i "Fedraheimen", som den gongen heldt til i ein gamall gard i Møllergata".

Ho melde seg ogso inn i Det norske samlaget og fekk dei bøkerne som kom der. Daa las ho Vinje, Aasen og Garborg med eldhug. Ja ei stund var denne eldhugen so sterk at ho las ikkje anna landsmaalsbøker paa lenge, fortel ho sjølv.

I 1887 vart ho gift med Arne Garborg, og straks etter flutte dei upp til Kolbotn uppmed fjellsjøen Savalen langt uppe i øysterdalsskogarne. Her i den vesle "Kolbotnstova" livde dei og hadde heimen sin alt til 1896. Sidan hev dei mest heile tidi butt paa Labraaten, eit lite stykke fraa Hvalstad station i Asker utanfor Kristiania. Um einebuarlivet uppe paa Kolbotnen er det fortalt mykje baade løglegt og forvitnelegt i Garborgs "Kolbotnbrev" og i hennar eigi bok "Fra Kolbotnen og andetsteds" (1903). Mang ein stor og god tanke vart det i desse aari sendt ut yver landet ifraa den vesle heimen der upp-under Dovrefjelli. Her skreiv Garborg nokre av sine beste verk, og her skreiv ogso fru Garborg dei fyrste bøkerne sine.

Elles var livet der uppe eit friskt naturliv som høvde godt med fru Garborg sin hug. Ho hev heile tidi stridt for ein naturleg livemaate - i matstell, klædebunad og i alt anna.

"Daa eg vart kjerring paa Kolbotnen laut eg læra aa laga mat," segjer ho. "Garborg lærde meg aa koka "grønagraud" - jolegrauten paa Jæren, og kaffi hadde eg lært aa koka av Ivar paa maalskulen. Per Mortenson (bergmeisteren, bror til Ivar) lærde meg aa vaska upp vitskapleg; men den gongen fekk eg mistru til vitskapen."

Seinare skreiv ho jamvel ei kokebok, og det var den fyrste av det slaget paa norskt maal, so ho maa fulla ha lært godt der uppe paa Kolbotnen likevel! Men um korleis kokeboki vart til, hev ho fortalt meg noko som eg tykkjer er so godt at eg lyt herme det ordrett:

"Den 17de Mai" (som eg hev gjeve namn) skulde ha matuppskrifter. Steinsvik vilde skrive deim sjølv, sa han; for han hadde skrive um baaneuppfostring og ei lækjebok og vart ikkje sett fast for det. So gjekk vel dette og!

Men daa sa Garborg som daa var medredaktør, at naar gale skulde vera so var det betre kjerringi gjorde det. (Den 17de hadde berre ei kjerring den gongen, for Steinsvik var ungkar og spelemann).

Og so vart det daa eg; men eg er slett ikkje so flink husmor som folk trur eg maa vera naar eg hev skrive ei kokebok."

Desse uppskrifterne i "Den 17de Mai" vart so utgjevne i boki "Heimestell for smaa hushald helst paa lande" (1899). Norsk mat, god, naturleg og helsesam mat er det ein fær læra aa laga etter denne boki. Og det same er det ho strider fyre i folkeskrifti " Matstell paa landsbygdi" (1907).

Dei væne norske bygdebunaderne som i mange bygder hadde vore brukt i hundravis av aar, heldt no paa og vart burtlagde. Ja mange stader var dei heilt gløymde, og norsk bondeungdom, gutar og gjentor, klædde seg etter siste "Parisarmode". Men fru Garborg tok upp arbeidet for aa faa fram att dei gamle bunader og faa ungdomen til aa bruka dei att. I 1903 sende ho ut folkeskrifti " Norsk klædebunad" til rettleiding for folk, og ho reiste rundt i ungdomslagi og paa dei store ungdoms stemnorne og tala um dette emne. Sjølv gjekk ho daa au klædd i ein væn hallingbunad. Og norsklynd ungdom fekk augo upp, so dei saag at dei her aatte eit nationalt ervegull som dei laut verna um. Fleire og fleire kosta seg norske klæde. Og naar det no sume stader er kome so langt, at flestalle gjentor og mange gutar og hev norske bunader til helg og høgtid, so er det mykje fru Garborgs ihuga arbeid aa takka.

l same leid gjeng ogso det ho skriv i "Heimen" i "For Bygd og By".

Det er ogso fru Garborg som lyt ha meste æra for at me no hev funne fram att og teke upp att den gamle nasjonale leiken - folkevisedansen, som i dei seinste aari hev vorte so vel umtykt i ungdomslagi landet rundt. Han hev no mange stader reint avløyst den fordervelege runddansen som øydelagde so mangt eit ungdomslag. Dertil kjem at desse leikarne gjorde dei gamle norske folkevisorne livande att millom norsk ungdom, og soleis drog fram i dagen att dei aandsskattar det norske folket hadde lagt ned i desse visorne, som no hadde vorte reint gløymde. Dette er noko av det beste med folkeviseleiken.

Fru Garborg fekk vita at dei endaa dreiv med slik folkeviseleik paa Færøyarne, og at dei der enno dansa han paa same vis som for hundrad av aar sidan. Dette laut ho sjaa. Og i 1902 drog ho paa Færøyferd [3]. Daa ho kom att derifraa skreiv ho ei bok " Songdansen i Nordlandi" (1903), og der gjer ho daa greide for desse leikarne alt fraa ein fyrst raakar paa dei hjaa dei gamle hellenarane og til ein finn dei att i Nordlandi i vaar tid.

Fru Garborg lærde sjølv upp dansarflokkar i bondeungdomslagi i Oslo og Bergen, og sidan for ho vide um i landet og heldt fyredrag um songdansen i ungdomslagi og lærde upp nye ungdomsflokkar. Og kvar ho kom vart ho storfagna av ungdomen. Ho hadde au eit eige lag til aa faa liv og fart i leiken; men for eit uppslitande arbeid det var fyrr ho fekk alle desse flokkarne upplærde, ja det er vel faae som skynar.

Det segjer seg sjølv at dei "fine", dei som kalla seg kulturfolket i landet, laut hæda og flira til dette arbeidet fraa fyrst av; men fru Garborg vyrde ikkje slikt. Ho reiste jamvel med dansarflokken sin like til Stockholm og synte fram den norske songdansen paa Skansen - og gjorde stor lukke. Daa tagna laatten og hædingi litt etter kvart heime i Norig au.

Men naar ein skulde driva med folkeviseleik so laut visorne lærast, og dei var ikkje lette aa faa i. Dei norske folkevisebøkerne var utselde for lang tid sidan, og mange visor var aldri prenta ein gong. Fru Garborg gav daa ut folkeskrifti " Norske folkevisor 1" med ei utgreiding um visedansen (1903), og denne boki vart paa nokre aar seld i 10-tusundvis. I 1913 sende ho ut ei større utgaava " Norske dansevisur". Desse bøkerne hev gjort mykje til at ungdomen hev lært aa syngja dei norske folkevisorne og vorte glade i dei.

Det største og gjævaste av alt hennar yrke er no vel likevel arbeidet for eit heilnorskt teater. I nære samband med det stend daa ogso mykje av diktingi hennar. Gjenom det arbeidet hev ho skrive namnet sitt inn i den norske teatersoga, og gjort det ugløymande for alle som verkeleg vil eit fullnorskt Norig.

Alt daa ho var ung gjente hadde ho havt stor hug til teatret, som fyrr er nemnt. Ho var daa au stundom med aa spela og skreiv sjølv smaa spelstykke; men det var daa likevel fyrst nokre aar etter ho var gift at ho for aalvor tok til aa skriva skodespel.

I 1895 sende ho ut syrgjespelet " Mødre" og aaret etterpaa lystspelet " Rationelt fjøsstell" . Desse tvo var fyrst skrivne paa øysterdalsk maalføre; men vart yverførde til landsmaal daa dei skulde framsynast paa Kristiania teater, for umlag alle skodespelarane der var vestlendingar, og hadde vandt for aa greida øysterdalsmaalet. Framsyningi av desse skodespeli var i røyndi ei sermerkeleg hending i den norske teatersoga; for naar ein tek undan at "Ervingen" hadde vore spela nokre gonger i 50 60-talet, so var dette dei fyrste freistnader paa aa syna fram verkeleg norskt bondeliv paa tilet i hovudstaden. "Rationelt fjøsstell" gjorde uvanleg stor lukke, og hev sidan vorte spela i by og bygd landet rundt, hundradtal gonger. Det er faae norske skodespel som hev vorte so ofte framsynt som "Rationelt fjøsstell".

Men fru Garborg gav seg ikkje med dette. I 1900 sende ho ut det tungsame lagnadsspelet " Sovande sorg". Dette er vel noko av det mest gripande ho hev skrive. Det fekk daa ogso eine holva av den premien som den tid var uppsett for det beste skodespel paa nynorsk. Premien vart delt millom dette og "Folk" av Sigurd Nesse.

Tri-fire aar etter fekk ho jamvel det vesle eventyrspelet "Liti Kersti" (1903) godteke til framsyning paa "Nationalteatret". Men diverre hev det aldri vorte spela. Stykket var nok altfor nationalt, maavita. Dei hadde spela "Fossegrimen" av Eldegard; men dermed vart det au slutt. Etter den tid hev stykke paa norskt rnaal vore heilt utestengde fraa "Nationalteatret"!

I 1908 sende ho ut sogespelet " Sigmund Bresteson". Men no var alle teatri stengde for skodespel paa norsk, og daa bata det lite aa skriva; for det er no ein gong so at skodespel vert lite lesne. Daa var det at fru Garborg for aalvor tok upp tanken um eit heilnorskt teater. Arne Garborg hadde alt i 1898 skrive um at me snart laut faa vaart eige speltile; men det var vel ikkje mange som trudde at det vilde nytta aa freista paa noko sovore paa lange tider endaa.

Men fru Garborg trudde, og ho la i veg. I 1910 samla ho um seg nokre gaaverike og ihuga ungdomar og fekk skipa "Det norske spellaget". Det var urøynde folk heile flokken som ingi upplæring hadde fenge og ingen tame hadde i spelkunsti. Men ho lærde dei upp, arbeidde utrøyttande til dei var komne so langt at dei kunde vaaga seg fram med stykki sine i Oslo. Det gjekk betre enn von kunde vera.

Snart etter tok ho ut paa ferd med flokken sin, og spela i byar og bygder landet rundt alt nord i Trondheimen. Kvar dei kom vart dei mottekne med fagnad av den norsklynde ungdomen. Det synte seg at det var sterk trong til eit teater som synte fram gode stykke paa norskt maal. Fraa fleire og fleire stader kom det bøn um at dei maatte koma dit og spela, og aaret etter tok dei ut paa ei ny ferd.

No hadde dei eit lite grunnlag aa byggja paa; for dei hadde vunne røynsla og tiltru hjaa maalfolket utyver landet. Men det økonomiske grunnlaget vanta dei. Daa sende fru Garborg (det var framleides ho som var sjæli i det heile) og andre gode menn og kvinnor ut innbjoding til aa teikna luter i eit norskt teater. Og maalfolket samla seg um dette tiltaket, so at i 1913 vart "Det norske teatret" skipa med Rasmus Rasmussen til styrar. Fru Garborg vart formann i styret for det nye teatret og var det til ifjor.

Det norske teatret vart møtt med eit hat og ei forfylgjing fraa heimedanskarne, som var makelaus. Men det hev no vunne seg fram til vyrdnad hjaa alle, og me fær vona det no fær statstilskot som dei andre teatri.

Men naar det no er kome so langt so skal fru Garborg ha meste æra; for utan henne hadde me vel ikkje havt noko norskt teater endaa.

Det siste skodespelet hennår er det friske og morosame eventyrspelet " Tyrihans" som vart framsynt paa Det norske teatret i joli 1914 og vart vel fagna.

Umframt dei bøkerne som alt er nemnde hev ho ogso skrive den store forteljingi "Mann av Guds naade" (1908) paa norsk. Det er ei frisk og morosam forteljing fraa livet i ein avdal; men det er ingi djup bok.

Eg kann diverre ikkje her umtala heile fru Garborg si dikting. Paa dansk hev ho skrive ei heil rad med bøker, forteljingar, skodespel og utgreidingar. Det høyrer daa heller ikkie med til den uppgaava eg her hev sett meg aa tala um deim. Ho stend liksom med den eine foten i den nynorske og den andre i den dansk-norske bokheimen. Her hev me berre tala um dei norske bøkerne.

Men av dei danske bøkerne hennar lyt eg daa nemna ei, og det er boki um Rousseau. Det er ei merkeleg god og lærerik bok. Fru Garborg segjer sjølv at det er ingen bokmann som hev havt so mykje aa segja for henne. Det er Rousseau sine tankar um aa venda attende til ei naturleg livevis i alle maatar fru Garborg hev vorte uppglødd for, og ho meiner at dette trengst vel so mykje no som nokon gong fyrr. Difor vil ho i denne boki freista aa faa folk til aa sjaa at hans tankar høver serskilt godt no for tidi. Ho hev ogso gjeve ut ei liti folkeskrift paa norsk um Rousseau (1910).

Umframt alle dei bøkerne fru Garborg hev sendt ut, hev ho ogso skrive mykje i blad og tidsskrift. Ogso paa den vis hev ho stridd for hjartesakerne sine, og elles hev ho havt mangt eit godt innlegg i dagsens spursmaal. Ein kann mest ikkje skyna korleis ho hev vunne skriva alt dette og so attaat vore husmor. Ho maa ha ei arbeidskraft som er makelaus.

Me fær berre ynskja at ho enno i mange aar frametter fær ha helsa og den same uslitande arbeidskraft, so kann me vonleg enno venta mange gilde norske bøker fraa hennar hand, og mykje anna gjævt arbeid.

Ho hev nok enno mangt paa hjarta; for ho segjer at "no ynskjer eg berre at eg kunde faa ro til aa skriva, og no naar aldren er komen og "kjepphestane" ruslar av seg sjølv maa det vel endeleg verta".

Som ein skynar tykkjer ho ikkje at ho hev gjort nok, og likevel hev ho gjort so mykje at naar eg no skal slutta dette stykket um henne, so lyt eg segja som ordtøket at "det er eitt nemnt og tie unemnt". Skulde ein gjeva ei heil skildring av fru Garborgs liv og arbeid, laut ein nok ha mykje større rom enn eg kann raada yver her. Likevel trur eg at dette kann gjeva folk ein tanke um kva verd hennar arbeid hev havt for norskdomsreisingi i landet, og det var serleg det eg her skulde syna.

Notar:

[3] Ho hev ogso sidan vore utanlands. Ein sumar var ho paa Island, og ho hev fleire gonger vore med Garborg til Tyskland, Frankrike og Millomhavslandi. Seinste gongen var hausten 1905. 1913 var ho i Amerika og helt daa mange fyredrag millom nordmennerne der burte. 


Frå Anton Aure: Kvinnor i den nynorske bokheimen. Stutte livsskildringar.Kristiania: Nikolai Olsens Prenteverk 1916. Elektronisk utgåve 1996 ved Jon Grepstad