9. Kva Songfuglen løyste

Forteljing

Av Mathias Askevold

Nar ein ferdast ute i Skjergarden paa Vestlandet rundt øyar, Holmar og Skjer, so kan ein ikkje beint fram segja, at der er vent eller hugtakande; men likevel hev denne sundrivne Landstrima noko underlegt ved seg, som dreg. - 

Sjølve Havet, som i lange Byljedrag bryt seg inn yver og liksom leikar seg um nakne Bergskoltar, hev noko drøymande og lokkande i sitt dirrande Velde, noko som vekkjer dulde Tankar, og sjølve Havsprøyten set friskt Mod i Skrotten, paa den som ser paa dette. Ein vert tvinga til baade aa sjaa og leggja øyra til, naar alt syner seg i sin Storleik. Daa kann ei harmlaus Røyst inne i Sjælelivet segja til deg: Dette er og noko av Norig. Eit underlegt Land! - 

Besst som ein driv og reikar ut og inn i Krokar og Vikar, kann ein - fyrr ein veit Ord av - koma inn i ei Bukt, som ligg der som ei Livdarkraa, og rundt ikring syner seg gilde Gardar, so fine og væne, at ein radt kann livna upp. Havdynningarne er med ein Gong bytt um med ei speglande, blank Vik, som speglar av Attersyni fraa Lider, Aaser og dei høge Fjelli i Bakgrunnen i si breide Bringa. Her er alt so smilande og vent. Men kvar slik ei liti Bygd hev sine Hende og si Soga aa bera fram baade av Sorg og Gleda. Ein vil uvetande, naar ein ser ei slik Bygd for Augo ein fager Sumardag, daa helst tenkja paa Gleda. Der er liksom ikkje Plass for noko anno. - 

Lat os sjaa og høyre noko or denne Bygdi! Kanskje det kann vera til Hugnad. 

Paa ei Flate, nær Sjøen, staar ei kvitmaala Kyrkje, som med eingong lyfter Bygdi, og ikkje langt derifraa til høgre - naar ein kjem inn fraa Sjøen - ser ein Prestegarden, halvt gjøymd av ein stor, blømande Hage. Millom Prestegarden og Kyrkja renn ei Elv nedetter; men der er bygd Bru yver, som bind Landevegen saman paa baae Sidor. Elvi sig ned gjenom eit Skoggjel og paa høgre Sida høyrer Mark og Skog Prestegarden til. Gjelet er smalt og langt og difor hev Bygdefolket i uminnelege Tider kalla denne Stripa for Røverompa, eit Namn, som ho ber den Dag idag. Paa same Sida er bratte Fjellhamrar som stengjer for Utsynet; men Lauvtre, som veks baade under og upppaa Hamrarne, prydar Fjellsida. Her gaar ein krokutt Fotsti langs Elvi, og hadde denne Stien havt Taleevna, so kunde han havt mangt rart aa fortelja. - Der hev no' korso alltid vore gløgge Øyro baade under og upppaa Høgdi, og alt det merkjelege, som her hev vore sett og høyrt, høyrer no Bygdesoga til. 

Ein Gong tente der paa Prestegarden ein Dreng. Han var noko fram i Aari, men ikkje so langt fram, at han nett kunde kallast gamall, og denne Karen heitte Gunnar. Han var ærleg og spakvoren, men han var svært ordknap. Ein maatte stundom halvt tvinga honom til aa snakka. Kom der so noko fram um dei tunne ihopknepte Lipporne, var det berre Einstavingsord. - Ja, net so vidt, at det var Svar. - Men han var baade ein drivande og dugande Kar i Arbeidet sitt. 

Paa same Tid tente der ei Gjenta, Gjirke i i [sic] Prestegarden, som dei kalla henne. Ho var rund og triveleg og hadde, som Folk flest, lett for aa tala; men ho var langt ifraa aa vera ei Skvaldre. Ho var ellers i eit og alt ei hæderskvinna. So i det stille hadde ho fenge Godhug for Gunnar; men ho kunde liksom ikkje faa noko Innpass eller tak paa honom. Han var mot henne, som mot andre, halvstum. - Ikkje var det Skikk og Bruk - likeso lite her som andre Stader - at Gjentorne fridde fyrst. Det vilde no vera - nær sagt - ei Skam, um slikt skulde henda. Det maatte soleis staa til honom, som Kar var; men det vart ingi Snøggvende. - Dei gjekk der i fleire Aar og saag paa kvarandre, utan noko Utfall. Um han bar Godhug for henne, var der ingen som visste; men der var dei som skyna kva ho bar paa. - - 

Endeleg sette ho seg fyre, at der maatte verta ein Endskap paa dette. Ho la ut mange Raadgjerder, som kunde føra til det høge Maal. - Ja, til det Maal, ho hjarteleg ynskte; men alle Dører, var som stengde. So var det ein Dag; det var paa Fyremiddagen. Kvelden fyreaat hadde ho fenge Snev um, at Gunnar av Prestefrua hadde faatt Tilsegn um aa utrette eit Arbeid burte i Røverompa. 

Um Natti hadde Gjirke utspikkelert ei Plan, som ho meinte, ikkje kunde svikte, og denne vilde ho setje igjenom, anten det no skulde bera eller bresta. Daa Gunnar var komen vel i Røverompa, stilte ho seg den øvre Vegen, som laag bak um Høgda og Berghamrarne, og der i fraa - gjenom eit Skard - kunde ho sjaa millom Trei, kvar Gunnar hadde sitt Yrke. Ho heldt seg varsamt gjøymd bak Knausar og Buskor, so ho var sikker paa, han ikkje kunde faa Auga paa henne. Ho hadde fint og grannt Maal og dette kunde ho laga til, som ein Fugletone; umlag soleis som naar ein høyrer Gauken gjel. - 

Fyrst tok ho til aa smaaklukka med: "Gunnar, - Gunnar, - Gunnar!" til ho fekk Vissmun um, at han høyrde det. Ho la Merke til, at han heldt upp aa arbeida og at han saag seg ikring. - Daa brigda ho paa Ordi og song: "Gift deg Gunnar, - gift deg Gunnar, - gift deg Gunnar! - So faar du Gudsrike, - so faar du Gudsrike, - so faar du Gudsrike! - 

Ho saag kor han la øyro til og kor han stirde forvitneleg ikring. - - Endeleg høyrde ho ei skjelvande Røyst, som steig upp ifraa Gjelet: "Kven med daa?" Men daa var det ikkje lenge fyrr ho song ut paa nytt lag: "Med Gjirke i Prestegarda, - med Gjirke i Prestegarda, - med Gjirke i Prestegarda!" Dermed saag ho, at han Gunnar sette den Spaden, han hadde i Handi, fast i Jordi og gjorde Teikn til, at aa gaa. Han tok Trøya paa seg, som han fyreaat hadde hengt paa ei Grein og med lange Steg og med Hovudet bøygt mot Bringa stemnde han heimyver. 

Gjirke var lettare paa Foten enn han. Som ein Fugl hoppa ho fraa Tuva til Tuva bak Hamrarne og tok same Umvegen som fyrr, so han ikkje fekk sjaa henne, og det varde ikkje lang Stundi fyrr ho stod i Prestegardskjøkenet i onnigt Arbeid med Grytor og Mat, daa ho saag han Gunnar koma yver Bordgarden og stemna mot Døri. 

Han hadde, daa han høyrde denne Fugletonen burt i Røverompa og Namnet hans var nemnt, teke dette som ein Guds Tilskikkelse eller eit Vink fraa sjølve Himmelen, at han og ho Gjirke skulde verta eit. - Men for aa vera sikker vilde han sjaa um ho, som dette galdt, var i Kjøkenet. Han hadde kanskje sine Tvil. - Daa han kom inn um Døri, stod ho Gjirke der i fullt Arbeid; nett som ingen Ting hadde gaat fyre seg; men ho kasta, som eit forskande Auge paa honom, som kom so tidleg heim til Middag. Klokka var daa visst ikkje meir enn elleve. Ho spurde endaa til um han var sjuk, sidan han saag so bleik ut, som han hadde faat ei Sott yver seg. Det einaste han ynskte Greida paa, var det, um ho hadde vore ute. "Nei," segjer ho, "eg hev vore i Kjøkenet i heile Dag, eg! Aa nei, det er sannt: Det einaste eg hev vore ute, var, at eg var burt i Bekken etter ei Bytta Vatn, noko du Gunnar alltid hev gjordt for meg; men idag var du so onnig, det var'kje Raad aa faa Tak i deg." - - 

Han stod som han var klumsa. - 

Ho spurde endaa eingong uppatter, um det var noko gale med honom. 

"Nei, ikkje nett da; men eg hev høyrt noko rart," sa han. 

Ho var innpaa honom paa mange Maatar, for aa faa vita kva dette var; men so vart han heilt stum.- Der knatt ikkje Ord i han meir. - 

"Ja," sa ho tilslut, "du skal no ut med det, um ikkje fyrr enn til Kvelden. Det kann du lita paa, for nokot rart er det i dette, det slaar aldri feil. Du kan gaa her aa sute deg fordærva! - 

Den Kvelden sat Gunnar og Gjirke lenge saman paa det Kammers, der Tenarfolket hadde Ty og Kjistene sine staaende, og fraa den Kvelden var desse tvo trulova. Men kven det var av deim som fridde fyrst er det ingen som veit. 

Ikkje langt fraa Prestegarden, var der nokre Aar baketter uppbygd ei Stova og Uthus. Dette var Heimen til dette Paret, og dei hev visst aldri angra paa, at Sangfuglen [sic] løyste Knuten. - - 

Dette var ei av dei Sogor, som knyter seg til denne fagre Bygdi; men der er mange fleire. Tilslut kan ein segjast, at likeso vænt som Bygdi ligg og speglar seg i Sjøen, likeso væn var den Heimen, som desse tvo hev reist; og no signar Etterkomarane Minnet deira.


Frå Mathias Askevold: Nye Skrøner og Forteljingar. Kristiania: Olaf Norlis Forlag 1913. Side 54-60. Elektronisk utgåve 2003 ved JonGrepstad